RSS

Kategoriarkiv: connelly

Michael Connelly – KNOKKELBYEN

knokkelbyenCold case for Harry Bosch

Skjelettet av ei barn vert funne i ein skog utanfor Los Angeles. Berre nokre få av naboane har budd der så langt tilbake i tid som ugjerninga må ha skjedd, men ingen huskar å ha sett noko. Ein bakgrunnssjekk gjer likevel at Harry Bosch og teamet fattar mistanke til ein av dei.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar cold case-krim av høg kvalitet.

(2002)

Les meir

Reklame
 
 

Michael Connelly – MØRKERE ENN NATTEN

Bosch + McCaleb = ?

Eit nakent drapsoffer vert funne med ein religiøs beskjed teipa over munnen.

Den pensjonerte etterforskaren Terry McCaleb vert kontakta av politiet, etter at etterforskinga har gått i stå. Funn i saka peikar mot ein gammal kjenning av McCaleb, nemlig etterforskar Harry Bosch. Kan Bosch, som for tida er midt i ei av dei største rettsakene i LA, vere involvert i drapet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er du er nysgjerrig på kva som skjer når dei to store heltane til Connelly skal samarbeide.

(2001)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/04/2017 tommar bosch, connelly, kunst, los angeles, mccaleb, politi, usa

 

Michael Connelly – ANGELS FLIGHT

angels flightEit godt stykke politiarbeid

To personar vert funne skotne i kabeltaubana Angles Flight, midt i Los Angeles. Den eine av dei er den karismatiske og upopulære advokaten Howard Elias. Han kjempar for dei svarte sine rettigheiter, og imot politiet, men av mange vert han sett meir på som ein oppviglar, og umiddelbart vert det frykta at ein politimann har teke livet han.

Berre få dagar seinare startar nemlig ei stor sak der Elias har gått til sak mot politiet for politivold og bevisplanting i ei barnedrapsak. Los Angeles er igjen på kanten av raseopptøyer.

Naturligvis vil ingen politifolk ta i denne saka, og den ender på Harry Bosch sitt bord. Saman med Edgar og Kizmin, skal han løyse den tilsynelatande umulige saka, og det vert ikkje bedre av at han må samarbeide med John Chastain, ein politimann han har vore i strupa på fleire gonger tidligare.

I ei smørje av politivold, skuldingar frå alle kantar, korrupsjonn, eit gammalt drap og familieproblem, kryp Bosch og teamet sakte med sikkert mot ei løysing.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein solid og grundig etterforskingskrim.

(1999)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 07/08/2013 tommar bosch, connelly, los angeles, politi, usa

 

Michael Connelly – MANNEN I BAGASJEROMMET

mannenibagasjerommetMørkt og trist i Las Vegas

Nok ei fantastisk krimbok frå Michael Connelly. Denne boka kom ut så langt tilbake som i 1997, men går likevel dagens utgivelsar ein høg gong. Det er ikkje mykje som er datert i disse bøkene.

Ein mann vert funnen drepen i bagasjerommet på ein Rolls Royce, i bakkane over Los Angeles. Harry Bosch får saka, som raskt fører han til Las Vegas, og livets dystrare sider.

Spennande frå start til slutt, men det mest imponerande er mangelen på sjokkerande hendingar og plott, som me gjerne ser i nyare krimbøker. Sjølve plottet her er så trivielt og «vanleg», og likevel får Connelly boka til å virke meir spennande enn det meste anna du kjem til å lese.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje treng sjokk og gørr for å like ein god krim.

(1997)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 27/12/2012 tommar bosch, connelly, las vegas, los angeles, mafia, politi, usa

 

Michael Connelly – BLODSPOR

Ein ny Connelly-helt

Ikkje ei Bosch-bok denne gongen. Denne handlar om Terry McCaleb, ein førstidspensjonert FBI-mann, som har hatt hjerteproblem, og som akkurat er ute av sjukehuset etter å ha fått transplantert eit nytt hjerte.

Ein dag kjem ei kvinne til båten der han bur, og ber han om å etterforske drapet på søstera hennar, som vart skoten i eit kioskran. McCaleb har fått beskjed om å ta det med ro, og takkar difor nei. Men det er før han får vite at den drepne søstera er donoren han fekk hjertet sitt frå.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har fått med deg at Michael Connelly er kåra til verdas beste krimforfattar.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 13/10/2012 tommar connelly, fbi, los angeles, mccaleb, seriemordar, usa

 

Michael Connelly – DEN SISTE COYOTE

Bosch etterforskar familiehistoria

Den andre boka som er omsett til norsk, i serien om Harry Bosch. Denne gongen er han suspendert frå tjenesten, og startar ei etterforsking på eigen hand.

Han byrjar sjå på sakspapira frå den gongen mor hans vart drepen, ein gong tidlig på 60-talet.

Det viser seg at det er fleire mektige menn i filmbyen, som ikkje set pris på at han byrjar snuse i den gamle saka.

Nok ei kanonbok. Det er som om John Rebus har flytta til Los Angeles.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den forrige Harry Bosch-boka.

(1995)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 17/07/2012 tommar bosch, connelly, los angeles, politi, uløyste saker, usa

 

Michael Connelly – BETONGBLONDINEN

Amerikansk virkeligheitskrim

Vart anbefalt å lese denne forfattaren av ein svenske eg jobba med i sommar. Han meinte det var enkel og billig krim, men veldig underhaldande. Så eg kjøpte den fyrste boka som kom ut på norsk.

Hovudpersonen er Harry Bosch, som er politimann i Los Angeles. I forkant av boka har Bosch gått inn åleine i ei leilegheit, og skote ein mistenkt i ei massedrapssak. Me går inn i det sivile søksmålet som meiner Bosch har handla uaktsamt.

Politiet er sikre på at dei har teke rett mann, men under rettsaka dukkar det opp ei ny sak, som kan tyde på at Bosch har teke feil mann.

Me fylgjer parallellt både rettsaka, og den nye saka som vert nøsta opp.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar  truverdig amerikansk krim av høg kvalitet.

(1994)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 19/11/2011 tommar bosch, connelly, los angeles, politi, seriemordar, usa