RSS

Kategoriarkiv: copycat

Yukito Ayatsuji – THE DECAGON HOUSE MURDERS

Japansk Agatha Christie-mysterie

I ein japansk versjon av «Then they where none», reiser 7 venner og medlemmer av samme krimklubb til Tsunojima, ei fråflytta øy, der den forrige eigaren vart drept eit halvt år tidlegare, saman med kona og andre. Huset brann den, men eigaren, ein eksentrisk arkitekt, fekk bygd eit tikanta (decagonal) anneks, der dei 7 studentane no skal bo. Men, hey presto (direkte sitat frå boka), trur du ikkje nokon byrjar å drepe dei, ein etter ein?

Oppdaga denne boka i ein artikkel om the Golden Age, krimbøkene som vart skrive på 20- og 30-talet, med særskilde reglar og meir. Denne boka kom i 1987, og Ayatsuji (pseudonym for Naoyuki Uchida) var med på å starte ei bølge av krimbøker som holdt seg til Golden Age-reglane, i Japan.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar bøker frå den gyldne æraen, og lurer på korleis dei er i Japan. 

(1987)

Les meir

Reklame
 
 

S.J. Bolton – NÅ SER DU MEG

Jack the Ripper-copycat

Nøyaktig 120 år etter det fyrste Jack the Ripper-drapet, vert eit svært likt drap utført i London.

Politibetjent Lacey Flint er ute på eit anna oppdrag, då ho støyter på offeret, som døyr i armane hennar. Flint har aldri jobba på ei drapssak før, og får henge med på denne for å observere, men blir meir og meir involvert.

Eit nytt bekjentskap i sommar, og det lovar ikkje bra at det er ei 9 år gammal bok du aldri har høyrt om, men Ripper-krim er vel alltid spennande.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Jack the Ripper-historier, og historier om storlagen hevn.

(2011)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 14/07/2020 tommar bolton, copycat, england, jack the ripper, london, politi

 

Pierre Lemaitre – IRENE

Bestialsk og eksplisitt

Ein knallhard forgjengar til Alex, der eit svært bestialsk dobbeltdrap vert knytta til ei tidlegare, uløyst sak.

Bedre vert det ikkje når ein finn ut at drapet er svært likt eit drap i ei kjent krimbok, og det viser seg at begge drapa er kopiar.

* Denne boka kom ut etter Alex i Norge, men er altså skriven fem år tidlegare.

2006

Les meir