RSS

Kategoriarkiv: cussler

Clive Cussler og Jack Du Brul – ILLUSJONEN

Høgtempo samlebandsthriller

Actiontriller nr 9 om det topphemmelege spionskipet Oregon. Juan Cabrillo og mannskapet kjem over noko som kan tyde på at historia om Philadeplhia-eksperimentet, skipet som forsvann på grunn av elektromagnetisk stråling, faktisk skjedde på ekte. Det handlar om toppmoderne våpen som ikkje skulle eksistere, Nikola Tesla, og ei heseblesande flukt der kulene flyg rundt øyrene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er begeistra for hektisk action, og spionthrillerar. 

(2013)

Les meir

Reklame
 
 

Clive Cussler – JAKTEN

Lettbeint action

Funnet av eit gammalt damplokomotiv på 50-talet, fører oss tilbake til 1906, då ei rekke bankar i USA vert rana av ein iskald ranar, som tek livet av alle som kan tenke seg å ha sett noko på staden.

For å få slutt på rana, hentar myndigheitene inn landets beste etterforskar, Van Dorn-agenten Isaac Bell.

Dette vert starten på ei ellevill jakt over store delar av USA, der Bel jaktar ei av dei største forbrytarhjernene i landets historie.

(2007)

Les meir