RSS

Kategoriarkiv: dahl (arne)

Arne Dahl – INNLAND

Polert krim som ikkje rykker nok i foten

Sam Berger og Molly Blom er på flukt frå ein konspirasjon som går heilt til toppen i det svenske politiet. Dei har gått i skjul i det snødekte Lappland, og Sam Berger har fått hukommelsestap.

Når Desiré «Deer» Rosenkvist tek kontakt med dei, for å få hjelp med ein ny seriemordar som har spesialisert seg på å drepe mødre og dei små sønane deira, ser Molly ei muligheit til å kome seg tilbake til samfunnet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar heseblesande skandinavisk action-krim.

(2017)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/12/2019 tommar dahl (arne), seriemordar, snø, sverige, vinter

 

Arne Dahl – UTMARKER

Svensk krim av høgste kvalitet

Fyrste bok i den nye serien om etterforskarane Sam Berger og Molly Blom.

Ein seriemordar herjar Sverige, og Sam Berger får endelig eit gjennombrot i etterforskninga, når han oppdager ei kvinne som har stått blant tilskodarane på tre åstader. Dei identifiserer kvinna, men det viser seg at ho gjer saka enda meir komplisert.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ei svensk avis meinte at dette er den beste svenske krimboka nokon gong, og berre det bør vere nok til å pirre nysgjerrigheita di.

(2016)

Les meir

 
 

Arne Dahl – MØRKETALL

mørketallNok ei av bøkene frå supersalet i haust. Hadde aldri høyrt noko snakk om Arne Dahl (som er et pseudonym for svenske Jan Arnald) før eg las denne boka, og hadde derfor relativt lave forventningar. Men du verden, for ei imponerande bok.

Ei ung jente forsvinn under ein klassetur i skogane utanfor Stockholm. Mange bilar har vorte sett i området, men spora ser ut til å stoppe opp. Samstundes vert ei underlig kiste funnen under ei utgraving i Stockholm, og finnaren og kista forsvinn.

Så dukkar det opp eit halshogd lik i sentrum av den svenske hovudstaden.

(2005)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 23/02/2013 tommar barn, dahl (arne), forsvinning, skog, stockholm, sverige