RSS

Kategoriarkiv: de la motte

Anders de la Motte – VÅROFFER

vårofferSvensk spenning i toppsjiktet

Eit ungt og ambisiøst par flyttar til ei bolig tilknytta eit slott i skogen i Skåne. Daniel, som er frå traktene, skal drive restaurant i det gamle slottet, medan kona Thea skal jobbe som distriktslege. 

Slottet har ei mørk historie, og ganske raskt oppdager nykomaren Thea at somme ting skal ein ikkje snakke om her. Blant anna at tre unge jenter har døydd i slottskogen, seinast ei 16 år gammal jente som vart drept på 80-talet, under det som såg ut som ein heidensk seremoni på Valborgnatta.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim frå fortida som både er spennande og litt skummel.

(2020)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/03/2021 tommar 80-talet, barn, de la motte, sagn, spøkelse, sverige

 

Anders de la Motte – SENSOMMER

sensommerSvært høgt nivå

Veronica leiar gruppeterapisamtalar i Stockholm, og ein dag er det ein i gruppa som fortel ei historie ho dreg kjensel på. På 80-talet forsvann den då 5 år gamle broren hennar sporlaust frå garden dei budde på. Historia mannen i gruppa fortel, er så kjent for Veronica, at ho mistenker at mannen kan vere broren hennar, Billy.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande, godt samansydde krimhistorier.

(2016)

Les meir

 

Anders de la Motte – BUBBLE

Siste del av the Game-trilogien

Avslutning av Game-trilogien, som i følge omtalen har teke verda med storm.

Henrik HP Pettersson og politisøstera Rebecca avslører bit for bit kven som står bak the Game, og korleis faren deira var tilknytt organisasjonen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du får fnatt hvis du berre les/høyrer dei to fyrste bøkene i ein trilogi.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/01/2020 tommar de la motte, politi, stockholm, sverige

 

Anders de la Motte – BUZZ

Innhaldsfattig action

Bok nummer to om HP og Rebecca og the Game. HP har vore utanlands i over eit år, men byrjar å sakne the Game. Han finn ut at eit stort internasjonalt IT-selskap har tilknytning til spelet, og byrjar ei eiga etterforskning.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste, og er glad i fart og spenning.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/01/2020 tommar de la motte, politi, stockholm, sverige

 

Anders de la Motte – GAME

Uengasjerande spenning

Slitaren Henrik «HP» Pettersson har flaks og finn ein heilt ny telefon på toget i Stockholm, og trur hellet hans har snudd. Men nokon sender han meldingar på telefonen, og utfordrar han til å vere med på the Game. Tør han?

Henrik velger å oversjå korleis nokon veit at akkurat han har funne denne telefonen, og blir med.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar enkle thrillerar, kanskje.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/01/2020 tommar de la motte, politi, stockholm, sverige

 

Anders de la Motte – HØSTDÅD

Krimforteljing i verdsklasse

Fem ungdommar feirer at skulen er ferdig, og at dei skal i gong med vaksenlivet. Dei teltar ved ein ulovleg badeplass i eit nedlagt steinbrot, og snakker om alle framtidsplanane.

Morgonen etter ligg ein av dei og flyt død i vatnet. Det vert fastslått at det er ei ulukke, men familien til den døde nektar å slå seg til ro med dette. Og 27 år seinare prøver mora til den døde å overtale den nye politisjefen Anna Vespe til å ta opp gien saka. Den erfarne politietterforskaren, som nærast har måtte flykte frå si tidlegare stilling, merkar at ho får resten av bygda mot seg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi den har alt: Ei fantastisk historie, solid persongalleri og trådar som vert nøsta opp på elegant vis.

(2017)

Les meir