Denne boka er kåra til ei av tidenes beste krimbøker. (Nummer 9 på lista til britiske Crime Writers Association, 1990, og nr 43 på lista til Mystery Writers of America, 1995)
Ein tidligare militær kjem inn i den britiske etterretninga, og vert satt til å jakte spionar i både London og Beirut.
Undervegs i etterforskinga av ein mistenkt spion, Jay, endar hovudpersonen på eit atoll saman med sjefen sin, der amerikanarane skal prøvesprenge ei bombe. Heile verdseliten er samla der, men ting går ikkje slik vår mann hadde sett for seg.
(1962)