Du Maurier sin klassiske thriller kjem nok ikkje under krimkategorien, men den 76 år gamle boka er framleis spennande lesing.
Ei ung kvinne som er i Monte Carlo som ei slags selskapspike for den rike amerikanske fru Van Hopper, når ho møter den ferske enkemannen Maxim de Winter. I all hast giftar dei to seg, og reiser tilbake til den myteomspunne heimstaden hans, Manderley.
Men alle draumane og glamouren som den unge kvinna knyter til herregården, vert overskygga av minna om den forrige kona, Rebecca. Mrs Danvers, som styrer tenarane, legg den nye kona umiddelbart for hat, og uhyggen bygger seg opp heile vegen.
Ei spennande bok, som kanskje startar litt tamt, men som vert betre og betre. Og når du har lest den ut, og stussar på det som kanskje er ein av dei mest omtala sluttane i bokhistoria, så vert du nøydd til å gå inn og lese dei fyrste kapitla ein gong til.
(1938)