RSS

Kategoriarkiv: engberg

Katrine Engberg – GLASSVINGE

glassvingeSjeldne drapsvåpen

Bok nummer tre om Kørner og Werner. Ei kvinne vert drept og dumpa i ei fontene i København sentrum. Kvinna har små symmetriske kutt på kroppen, der hovedpulsåra pumpar som verst. Så dukkar det opp fleire lik.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Københavnsetterforskarane Werner og Kørner. 

(2018)

Les meir

Reklame
 
 

Katrine Engberg – BLODMÅNE

Mord i moteverda

Ein motekjendis vert funnet drept etter eit moteshow i København. Ein felles venn av han, og politietterforskar Jeppe Kørner er sakna etter den samme festen. Esther de Laurenti, den gamle huseigaren og amatørkrimforfattaren me møter i fyrste bok, Krokodillevokteren, startar ei parallell etterforskning, som fører fram til eit radioprogram der kjendisar gir folk morsomme råd.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordarmysterier, og historier frå kjendis- og moteverda.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/07/2020 tommar danmark, engberg, københavn, mote, politi

 

Katrine Engberg – KROKODILLEVOKTEREN

Ny dansk krimdronning?

Fyrste møte med denne danske forfattaren.

Ei ung jente vert funnen drept i leiligheita si i København, som ho deler med ei venninne. Venninna er bortreist, og ein gammal nabo finn henne, og får ei illebefinnande av opplevinga, og hamnar på sjukehuset.

Den døde jenta har fått rissa inn eit mønster i ansiktet, og politiet står utan særlige spor, før husvertinna, Esther de Laurenti fortel at ho skriv på ei krimbok, der plottet er so og seie identisk med det som har skjedd med den unge leigetakaren hennar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å stifte nye bekjentskap, som kan vere starten på eit nytt og spennande litterært forhold.

(2016)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/07/2020 tommar bøker, danmark, engberg, forfattar, københavn, politi