Ei bok som er veldig hausa på omslaget, med ord som «norsk krimsensasjon», «en ny Nesbø» og kor mange land boka allereie er seld til. Det er klart at med ein slik introduksjon, forventer ein å verte litt skuffa.
Men veldig skuffa vert du ikkje. For sjølv om boka er berre litt over middels i starten, veks den mykje, og har ei god historie.
Boka handlar om journalisten Henning Juul, som nettopp er tilbake på jobb, etter å ha vore borte i to år. Då mista han sonen sin i ein brann, og både han sjølv om ekskona klandrar Juul for tapet.
Den fyrste saka Juul får når han kjem tilbake, er ei sak der eit lik er funne på Ekeberg. I eit telt, halvvegs nedgreven i bakken, med piskeslag på ryggen og ei avkappa hand, vert ei ung jente funnen. I kulissene mumlast det om sharialover og utroskap. Så dukkar eit filmmanus opp.
(2010)
Les meir