RSS

Kategoriarkiv: europa

Val McDermid – SISTE FRISTELSE

sistefristelseCarol og Tony på Europa-eventyr

Ein seriemordar tek livet av eksperimentelle psykologar rundt om i det nordlege Europa. Etter at ein kollega av Tony Hill vert drept, reiser han til Tyskland for å bistå, medan Carol Jordan allereie er i landet for å jobbe med ei anna sak. Nok ein gong vert vegane deira kryssa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du Tony og Carol er ditt favorittpar i påskekrimmen. 

(2002)

Les meir

Reklame
 

Liza Marklund & James Patterson – POSTCARD KILLERS

Eit ungt amerikansk par oppsøker eit amerikansk par i Paris, og dei vert sitande og hygge seg utover kvelden. Dei vert gode vener, og det amerikanske paret får det andre paret til å spandere champagne, og kjøpe eit minne om kvelden. Deretter forgiftar dei champagnen, og drep det andre paret.

I forkant av drapet får ei lokal avis eit postkort med eit Shakespearsitat på. Så dukkar det opp eit postkort i ein krimredaksjon i Stockholm. Med eit Shakespearsitat på.

(2010)

Les meir

 

Elizabeth Kostova – THE HISTORIAN

Denne boka var lenge ein bestselgar i USA. Gjennom augene til dottera, følgjer me historikaren Paul rundt om i Europa på jakt etter historiske funn knytta til legenda om Dracula.

Det heile byrjar med at han finn ei eldgammal bok på pulten sin, med ein drage på. Han møter fleire som har funne den same boka, og som også er fascinerte av Draculahistoriene. Så forsvinn professor Rossi, mentoren til Paul, og me er i gang.

Veldig spennande bok, lang, men OK. Nesten umuleg å legge frå seg.

Ei perfekt bok for lesing på seine haustkveldar. Ei typisk oktoberbok.

(2005)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 16/10/2005 tommar aust europa, europa, historisk, kostova, mysterium, usa