To bilar kolliderar på motorvegen utanfor Sevilla. I den eine bilen finn politiet ein russar som er sentral i mafiaen på Costa del Sol. Og i bagasjerommet har han 8 millionar euro, i tillegg til ein del diskettar. Russaren har vore på veg over til ei konkurrerande mafiagruppering.
Falcon etterforskar saka som drap, samstundes som fleire faktorar frå dei tidlegare bøkene framleis er sentrale. Så vert den 8-årige sonen til Consuela Jimenez, av og på-kjæresten til Falcon, kidnappa.
(2009)