RSS

Kategoriarkiv: familie

Agatha Christie – DUMB WITNESS

dumbwitnessPoirot kjem for seint

Hercule Poirot vert kontakta av den velståande peppermøya Emily Arundell, som meiner nokon har prøvd å ta livet av henne. Familien meiner derimot at ho ramla ned trappa ved eit uhell, etter å ha trakka på ballen til Bob, hunden i huset. Men det viser seg at brevet har vorte forsinka i posten, og når Poirot får det, er Emily Arundell allereie død. Dødsårsaka skal vere lever-relatert. Etter fallet har ho skrive eit nytt testamente, og familien får no ingenting. Poirot besøker huset, og kan fort slå fast at hunden Bob er utan skuld i fallet. Men kven prøvde, og kanskje til slutt lukkast med, å drepe Emily Arundell?

Denne heiter «Det tause vitnet» på norsk, men har ikkje fått tak i den på norsk så langt. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein aldri kan takke nei til ein god, gammal Poirot-krim.

(1937)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/10/2022 tommar arv, christie, familie, gift, poirot

 

Camilla Läckberg – SNØSTORM OG MANDELDUFT

snøstormogmandelLukka rom frå Läckberg

Rikmannsfamilien Liljecrona samlast til slektstreff på ei øya Valö, utanfor Fjällbacka. Politimannen Martin Mollin er med, saman med kjæresten Lisette Liljecrona. Familiens upopulære og frykta eldstemann Ruben har samla slekta, og etter ein trussel om å gjere alle arvelause, ramlar han sjølvsagt død om under middagen. Truleg forgifta. Ein storm har avskore øya frå fastlandet, så Martin må ordne opp åleine her ute, medan dei ventar på assistanse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på korleis det går når Läckberg prøver seg på noko Agatha Christie-liknande. 

(2010)

Les meir

 

Helene Flood – TERAPEUTEN

terapeutenThriller som startar i 100

Sigurd, mannen til psykologen Sara, dukkar ikkje opp til ein avtalt hyttetur med kompisane. Likevel har han ringt Sara, og lagt igjen ein beskjed på svararen, der han fortel at han er framme. Men ingen har tilsynelatande høyrt frå han.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein skummel thriller med høgt tempo. 

(2019)

Les meir

 
 

Maria Lang – MORD PÅ KIRKEGÅRDEN

mordpåkirkegårdenSommarkrim rundt juletider

Denne gongen er handlinga lagt til jula, men likevel føles det som ein lett og ukomplisert sommarkrim.

Puck og Einar feirer jul med hennar familie, på prestegarden til onkelen, då ein av naboane, kjøpmannen Arne, vert funnen død i sin eigen butikk. Christer Wijk får kjapt kokt det heile ned til at svært få kan stå bak, og dei fleste har feira jul med Puck og familien. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, gammal britisk krim, der stemninga er viktigare enn sjølve mysteriet. 

(1954)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/08/2021 tommar 50-talet, familie, jul, landsbygda, lang, sverige

 

Maria Lang – ROSER, KYSS OG DØDEN

roserkyssogdødenUspennande idyll

Christer Wijk har forlova seg, og Puck og Einar reiser til den komande svigerfamilien hans, for å helse på. Det startar med ein herregardsidyll, med ein imponerande rosehagen, men det tek ikkje lang tid før far i huset, Fredrik Malmer, vert alvorleg sjuk, og døyr veldig brått. Eit anna familiemedlem, som skulle vake ved sjukesenga, vert funnen i unormal djup søvn. Noko er åpenbart ikkje som det skal vere, men det virker ikkje som om Christer Wijk vil prøve å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim blant roser, teselskap og rike gamlingar. 

(1953)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/08/2021 tommar 50-talet, familie, gamle dagar, lang, sverige

 

Joy Fielding – INGEN FLERE TÅRER

Lovande familiedrama

Bonnie Wheeler får ein dag ein telefon frå ekskona til mannen sin, Rod. Ekskona, Joan, seier at Bonnie og dottera Amanda er i fare, og ber Bonnie møte henne i eit hus Joan skal ha visning i. Når Bonnie kjem til huset, finn ho Joan drept. Bonnie vert naturlegvis mistenkt, medan ho sjølv opplever fleire ubehagelige ting, som gjer at ho bestemmer seg for å finne ut kven Joan meinte ville skade henne og Amanda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du sterke kvinnelege hovudpersonar, og thrillerar basert rundt næraste familie. Likte du Gone Girl eller Piken på Toget, er dette noko for deg. 

(1995)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/08/2020 tommar boston, familie, fielding, usa

 

Stephen King – 1922

Mørk familietragedie

Wilfred James eig ein stor gard i Nebraska, men då kona hans bestemmer seg for å selge sin familiegard, som ligg inntil deira, innser han at han kjem til å måtte selge sin eigen også. Han får lurt sonen med på ein plan, der ei tek livet av mora. Sonen stikk av med den gravide kjærasten sin, og disse tre heimsøker Wilfred resten av livet.

(Sidan dette ikkje er ein krim, vil den ikkje få karakter) 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god, klassisk Stephen King-thriller.

(2010)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/11/2019 tommar 20-talet, familie, gard, king, nebraska, usa

 

Caroline Eriksson – DE FORSVUNNE

Sterk thriller

Greta, Alex og 4-åringen Smilla er på hyttetur. Ein kveld tek dei båten ut til ei øy, der Alex og Smilla går i land, medan Greta tek ein blund i båten. Når ho vaknar, har dei ikkje kome tilbake. Dei kjem aldri tilbake.

Greta finn ikkje telefonen, og tek båten tilbake til hytta, der ho finn telefonen i senga, men kan ikkje huske at ho har lagt den der.

(2017)

Les meir

 
 

Georges Simenon – MAIGRET PÅ EGEN HÅND

Langsom franskmann

Maigret er pensjonert, men på grunn av ei tabbe nevøen hans gjer i tjenesten, vert han tvungen tilbake for prøve å reinvaske slektningen

Maigret har gjort comeback på skjermen, med ein imponerande Rowan Atkinson, men dette er er nok ikkje den av Maigret-bøkene som er best tilpassa vår tid.

Dette er bok nr. 19 om detektiven, alle 19 skrive i løpet av ca 4 år.

(1934)

Les meir

 

Joel Dicker – BOKA OM BALTIMOREFAMILIEN

Spenningskoloss

Nok ein massiv kloss med leseglede frå Joël Dicker. Denne gongen er det den tragiske historia om Marcus Goldman og Baltimore-fløyen av familien.

Ei ganske altoppslukande og spennande historie, men ganske langt frå krimsjangeren, og også ein litt annan stil enn den forrige boka, Sannheten om Harry Quebert-saken, som er ei av dei beste krimbøkene i nyare tid, etter mi meining.

Kan absolutt anbefalast om du er på jakt etter ei god, spennande og omfattande historie, men vil du ha krim, så gå heller for den Harry Q.

(2015)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/02/2018 tommar baltimore, dicker, familie, gamle dagar, usa