RSS

Kategoriarkiv: fengsel

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

Reklame
 
 

Thomas Enger, Jørn Lier Horst – ARR

arrEin innsidejobb

Alexander Blix sit i fengsel for drap, men ei etterforsking på utsida får bruk for hjelpa hans. Ein tysk drapsmann har rømt, og har etter alt å dømme kome seg til Norge. Journalisten Emma Ramm vert bindeleddet mellom han og omverda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim der helten må ordne opp frå innsida av fengselet.

(2022)

Les meir

 
 

Roslund & Hellström – TRE SEKUNDER

tresekunderEkstrem fengselsspenning

Piet Hoffmann er ein tidlegare kriminell som jobbar undercover for politiet, for å infiltrere eit kriminelt polsk nettverk som opererer i Sverige. Han lever eit dobbeltliv, med familie på den eine sida, og tungt kriminelle på den andre. Plutselig hamnar han i ein situasjon der den einaste redninga er å gå inn i fengsel, med lovnad frå høgste hold i Sverige, om at han skal hentast ut når det vert for heitt. Men kva skjer når lovnaden ikkje vert halden, og du er innesperra åleine med dei farligaste fangane i landet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi denne boka verkeleg sette Roslund & Hellström på verdenskartet som krimforfattarar.

(2009)

Les meir

 

Jo Nesbø – SØNNEN

sonnenEin ung mann i fengselet tek på seg skulda for andre sine ugjerningar, og vert sitjande i landets mest fluktsikre fengsel i år etter år. Men så rømer han.

Samstundes får politimannen Simon Kefas ei drapsak, der ein fengselsprest vert funnen død i Akerselva. Ein fengselsprest som har vore skriftefar for den rømte fangen.

(2014)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/04/2014 tommar fengsel, hevn, nesbø, oslo, politi