RSS

Kategoriarkiv: fjällbacka

Camilla Läckberg – SNØSTORM OG MANDELDUFT

snøstormogmandelLukka rom frå Läckberg

Rikmannsfamilien Liljecrona samlast til slektstreff på ei øya Valö, utanfor Fjällbacka. Politimannen Martin Mollin er med, saman med kjæresten Lisette Liljecrona. Familiens upopulære og frykta eldstemann Ruben har samla slekta, og etter ein trussel om å gjere alle arvelause, ramlar han sjølvsagt død om under middagen. Truleg forgifta. Ein storm har avskore øya frå fastlandet, så Martin må ordne opp åleine her ute, medan dei ventar på assistanse. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på korleis det går når Läckberg prøver seg på noko Agatha Christie-liknande. 

(2010)

Les meir

Reklame
 

Camilla Läckberg – HAVFRUEN

havfruenMørke generasjonshemmeligheiter

Forfattardebutant Christian Thydell har fått trusselbrev gjennom heile skriveprosessen, men bagatelliserer det. Etter kvart viser det seg at også fleire i omgongskretsen hans har fått dei samme breva. Når den siste i gjengen til forfattaren, som har vore forsvunnen i tre månader, dukkar opp død, har ikkje politiet noko anna valg enn å ta truslane på alvor. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Camilla Läckberg, og ikkje vert lei av at ei lita idyllisk bygd produserer drap etter drap. 

(2008)

Les meir

 
 

Camilla Läckberg – TYSKERUNGEN

Har mista litt tellinga på antall bøker no, men dette er i alle fall den som kjem etter Ulykkesfuglen.

Erica finn ei tysk krigsmedalje på loftet, når ho leitar i sakene etter mor si. Ho leverer den til ein lokal mann som samlar på memorabilia frå krigen, og ei stund seinare vert han funnen død. Det viser seg at han var ein nær ven av mor til Erica, som prøver å finne ut meir om mor si, parallellt med etterforskinga av drapet.

Dette er nok den mest skuffande boka hittil. Ikkje fordi historia er så mykje dårligare enn dei andre, men fordi det kjem så tydelig fram i denne boka at alle historiene og plotta vert altfor like, at karakterane utviklar seg i feil retning, og ikkje minst vert ein oppgitt over at forfattaren brukar alle snarvegane som finst. Det skin gjennom at ho ikkje klarar å skrive historiene spennande nok, og dermed må jukse seg fram til spenning.

(2007)

Les meir

 

Camilla Läckberg – ULYKKESFUGLEN

Bok nummer 4 om livet i Fjällbacka. Ei avholdskvinne vert funnen død etter ei bilulukke, og det viser seg at ho har ein dødelig dose alkohol i kroppen.

Samstundes vert Fjällbacka invadert av eit TV-team som skal lage ei serie med realitystjerner som skal bo i bygda.

Den definitivt beste og mest intrikate av Läckbergbøkene så langt, sjølv om det denne gongen er mykje fleire, og mindre interessante bihistorier.

(2006)

Les meir

 

Camilla Läckberg – STEINHUGGEREN

Den tredje boka om Fjällbacka, og den klart beste hittil. Det viser seg at eg har sett filmatiseringa av denne, så ein sit heile tida med ein kjensle av at ein har lest dette før. Likevel er oppbygginga, det intrikate miljøet og den vedvarande spenninga på eit heilt anna nivå enn dei to fyrste bøkene.

Ei ung jente vert funnen drukna i havet ved Fjällbacka, og det viser seg seinare at ho har ferskvatn og såpe i lungene, og dermed ikkje har drukna i sjøen. I tillegg viser det seg at ho har aske i munnen (som er ein av teaserane bakpå boka, men som ikkje kjem fram før me har lest nesten 100 sider).

Parallelt går ei historie om ein steinhoggar frå ca 20-talet, og etter kvar aner ein at disse to vert tvinna saman.

(2005)

Les meir