RSS

Kategoriarkiv: fjell

Arnaldur Indridason – MØRKET VET

mørketvetNår isen smeltar…

Liket av ein mann vert funnen nedfrossen i ei isbre, og det viser seg at dette er ein forretningsmann som forsvann for 30 år sidan. 

Den pensjonerte politimannen Konrad hadde saka den gongen, og no vert han kalla inn for å gjenoppta saka. Den mistenkte frå den gong, vert nok ein gong hovedmistenkt.

Samtidig er det ei anna uløyst sak som dukkar opp, der ei kvinne vil finne ut kva som skjedde med broren hennar, som vart påkøyrd og drept, utan at politiet nokon gong fann gjerningsmannen. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest Arnaldur før, og veit han er en av verdas beste krimforfattarar, og er spent på ei ny serie frå den kanten.

(2017)

Les meir

 

Ilara Tuti – BLOMSTER OVER INFERNO

blomsteroverinfernoMørkt alpemystikk

I ein alpelandsby i Nord-Italia vert ein gammal mann funnen drept, med begge augene reve ut. Politioverbetjent Teresa Battaglia står framfor ei mørk og vanskelig sak, som ikkje blir enklare av at ho samtidig får overført ein ny politibetjent som ho ikkje kjem så godt overeins med frå starten, og ei lokalbefolkning som ikkje er interessert i å hjelpe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for den litt mørke, sør-europeiske krimen, i idylliske omgivnader.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/12/2020 tommar fjell, italia, landsbygda, politi, ritual, tuti

 

Jaran Dammann – MØRKETS ANSIKT

Hyttefelt-uhygge

For å kome seg vekk frå byen og ei nylig skilsmisse, reiser Jørgen Haug til Valdres for å bygge ei hytte. Der havnar han midt oppe i demonstrerande lokalbefolkning og miljøaktivistar, som er i mot utbygginga av hyttefelta i området. 

I tillegg er det ei gruppe ransmenn på flukt i området, og uhyggelige ting byrjar skje.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå distrikta.

(2012)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 04/10/2020 tommar dammann, fjell, norge, valdres

 

Hjorth & Rosenfeldt – FJELLGRAVEN

fjellgravenSeks skjelett vert funne i ei grav langt inne på fjellet i Jämtland. To av dei vert identifisert raskt, men dei fire andre, to vaksne og to barn, let seg ikkje identifisere.

Teamet til Sebastian Bergmann får den umulige oppgava.

Boka har to parallelle historiere, noko som alltid er vanskelig, fordi begge historiene bør vere omtrent like spennande. Det er dei ikkje her.

På omslaget står det at boka utmerker seg i havet av krimromanar. Spørs om det er snarare tvert om…

(2012)

Les meir

 
 

Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

Eigentleg er dette ein parodi på bøkene til André Bjerke (Bernhard Borge), og andre bøker frå en tida, der psykoanalysen stod i sentrum. Men likevel gjer Nærum den til ei spennande bok som er heilt på høgde med det han parodierer.

Ein eksentrisk milliardær inviterer fleire venner med seg på hytta i påska, blant dei psykoanalytikaren Konrad Stang. Milliardæren seier at den som vil vere med på ei mordgåte, og klarer å finne mordaren uten å verte drept, skal få ein feit pengesum.

Men så byrjar gjestane å verte drepne, ein etter ein, og det mumlast om eit gammalt sagn om den tidlegare eigaren, som var ein drapsmann ved namn Ulvar Mørkli.

Dette er De dødes tjern på fjellet, men likevel spennande og morsomt samtidig.

(2002)

Les meir

 

Anne Holt – 1222

Anne Holt skriv påskekrim på sitt aller beste frå fjellet på Finse.

Politibetjent Hanne Wilhelmsen er på veg til Bergen, då ein snøstorm gjer at toget sporar av på Finse, og lokføraren døyr. Dei nesten 300 passasjerane må innkvarterast på hotellet 1222.

Der vert ein mann myrda, ein kjendisprest, og Wilhelmsen må finne ut kven av dei andre passasjerane som har teke livet av han.

I tillegg går det rykter om at det var ei ekstra vogn på togsettet, muligens kongevogna, og i den øverste leiligheita på hotellet bor det nokon som har væpna vakter til å passe på seg.

Her får du verkeleg påskekjensla, i eit typisk lukka-rom-mysterie a la Poirot.

(2007)

Les meir