RSS

Kategoriarkiv: flukt

Thomas Enger, Jørn Lier Horst – ARR

arrEin innsidejobb

Alexander Blix sit i fengsel for drap, men ei etterforsking på utsida får bruk for hjelpa hans. Ein tysk drapsmann har rømt, og har etter alt å dømme kome seg til Norge. Journalisten Emma Ramm vert bindeleddet mellom han og omverda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim der helten må ordne opp frå innsida av fengselet.

(2022)

Les meir

Reklame
 
 

Jørn Lier Horst – ILLVILJE

illviljeGamle skjelett dukkar opp att

Levningane etter ei ung jente vert funne Svartskog, og måten jenta er drept på, liknar på metodene til seriemordar Tom Kerr og hans medhjelpar «den andre». Kerr er i fengsel, og seier ja til å vere med på ein rekonstruksjon av eit av drapa han har begått, ute i felten. Men noko går gale, og Kerr klarer å stikke av, framfor nasa på Wisting.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Wisting og cold case-saker.

(2019)

Les meir

 
 

S.J. Bolton – DØDSDØMT

dødsdømtJaga i nord-England

Ei gruppe turistar er på utflukt i luftballong på grensa mellom England og Skottland, då dei vert vitne til eit drap nede på bakken. Drapsmannen ser ballongen, og skyt den ned. Men når han finn vraket, er det ein av passasjerane som manglar. Men han har sett henne, og han veit at ho har sett han. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kan like spenninga i ei god menneskejakt. 

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/10/2021 tommar bolton, england, flukt

 

Lone Theils – DEN BLÅ DIKTERENS KONE

denblådikterenskoneDrama på flukt

Ein kjend iransk diktar har flykta til Danmark saman med kona si, men på vegen har dei to kome frå kvarandre. Han er no trygt framme i Danmark, medan ho virkar å vere i England ein stad. Og då passar det jo perfekt at Nora Sand er London-korrespondent for ei dansk nettside, og ikkje framand for å løyse mysterier. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistdetektivar og lune krimhistorier.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/01/2021 tommar danmark, england, flukt, forsvinning, theils

 

Waldemar Brøgger – POLITIET ARBEIDER OGSÅ OM SØNDAGEN

Tidenes blackout

Datamaskinkonstruktør Vidar Veierland har perioder med kraftig drikking, og då fortel han kona at han skal til Danmark for å sjå på datamaskindelar, men i virkeligheita tek han toget til ei hytte han får låne, for å drikke fleire dager i strekk. Under eit av disse tokta, så finn han ein død mann i hytta, og innser snart at sjansane er store for at det er han sjølv som er drapsmannen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gamle detektivhistoriene på som radioteateret sende før i tida. 

(1973)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2019 tommar 70-talet, blackout, brøgger, flukt, norge

 

Øvre Richter Frich – DE KNYTTEDE NEVER

Ein norsk Jason Bourne

Legen og meistertjuven Jonas Fjeld og hans kompanjong, den finske dvergen Ilmari Erko, som er både oppfinnar og geni (har laga eit metall som er sterkare enn stål og eit sprengstoff som er lyd- og lyslaust), utfører eit perfekt bankran i Christiania, og får med seg nesten ein halv million kroner i diverse valuta.

Politiet har inga aning om kven som har gjort det, men det har derimot ei rekke internasjonale forbrytarstorheiter; argentinaren Mario Heredia, franskmannen Francois Delma og den nederlandske muskelmannen Jaap van Huysman. Og disse kjem alle til Christiania for å få sin del av pengane, og også å få tak i geniet Erko.

Det vert ei katt- og musjakt som startar i Christiania og når sitt klimaks ein stad på Bergensbana.

(1911)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/11/2017 tommar 1910-1919, bankran, flukt, norge, oslo, richter frich, tog

 

Stikkord: