Ei bok som var anbefalt varmt både her og der, og hausa opp med at den har ligge i vekesvis på dei amerikanske bestselgarlistene. Og det er kanskje ein god roman om skjebnene til to personar, men å kalle dette ein krim, er å strekke begrepet særs langt, i alle fall i mine auge.
Kona til Nick Dunne, Amy, forsvinn sporlaust, og mange ting tyder på at ho er drept. Og stadig meir peikar i retning ektemannen som gjerningsmann. Bevis som han ikkje kan forklare.
PS: Denne vart høyrt som lydbok.
PPS: Sjekka i dag, og då ligg denne boka framleis på NY Times si bestselgarliste, for 59 veka.
(2012)