RSS

Kategoriarkiv: forfattar

Val McDermid – MORD ETTER BOKEN

mordetterbokenSolid, til tross for tullete idé

Ein seriemordar drep forfattarar på same måte som dei tek livet av karakterane sine i krimbøkene dei skriv. Profileren Fiona Cameron hjelper politiet i Spania i ei av disse sakene, og vert bekymra fordi sambuaren hennar også er krimforfattar.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den litt omfattande krimmen som McDermid står for

(2001)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/06/2022 tommar england, forfattar, mcdermid, politi, psykologi

 

Knut Nærum m.f. – MADONNAGÅTEN

madonnagåtenMorsomt og stressande tull

Historikaren Bror Anton Lamsen er mannen som må ordne opp, etter at ein museumsdirektør vert funnen drept i Nasjonalgalleriet. På vegen mot løysinga må han løyse ein haug med gåter, den eine meir absurd enn den forrige, samstundes som han har eit kobbel av folk som prøver å stoppe han, i hælene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på humorversjonen av Da Vinci-koden.

(2005)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/06/2022 tommar forfattar, museum, nærum, norge, oslo, politi

 

Knut Nærum – DEN GÅTEFULLE OBERON QVIST

dengåtefulleoberonMange noveller små..

Dette er heile åtte krimhistorier, med detektiven Oberon Qvist i hovudrolla. Som ein slags mellommann, er forfattaren Kjell Nilsen, som fortel historiene, men som samstundes har sett seg nøydd til å gå i skjul på eit fyr ein stad langs sørlandskysten.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi miksen mellom kløktig klassisk krim og humor er midt i blinken for deg.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/06/2022 tommar detektiv, forfattar, fyr, nærum, norge, oslo

 

Maria Lang – FARLIGE DRØMMER

farligedrømmerDen utålelige forfattaren

Den unge sekretæren Malin får jobben med å skrive ut den hensynslause og mislikte forfattaren Andreas Hallman si siste bok. Det er trykka stemning i huset frå det øyeblikket ho kjem, og det blir ikkje bedre stemning av at det blir begått eit drap der, for å sei det sånn. Christer Wijk kjem til, og når Malin fortel han det ho veit, vert ho minst like upopulær som forfattaren sjølv.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Christer Wijk si mysterieløysing. 

(1958)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/05/2022 tommar 50-talet, forfattar, lang, politi, sverige

 

Anne Holt – DET ELLEVTE MANUS

detellevtemanusPandemi og papirmangel

Eit svært verdifullt manus, forsvinn frå forlaget, og redaktør Ebba Braut må bruke dei fyrste dagane av pandemien på å prøve å oppspore det. Samtidig finn politimannen Henrik Holme ei død kvinne i eit bagasjerom. Ansiktet er knust, og ingen har meldt kvinna sakna. Han må ty til den no pensjonerte Hanne Wilhelmsen for hjelp.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar har lest Anne Holt tidlegare, og kjenner kvalitetsnivået.

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/05/2022 tommar forfattar, holt, norge, oslo, pandemi, politi, wilhelmsen

 

Heine Bakkeid – MØT MEG I PARADIS

møtmegiparadisMenneskejakt, seriedrap og krim

Thorkild Aske får tilbod om å hjelpe Milla Lind, ein av landets mest kjende krimforfattarar, til å gjere research til ei ny bok. Men det viser seg raskt at jobben er ein litt anna enn tenkt, og det ikkje er litterært innhald Aske vert sett til å framskaffe. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste Aske-boka, og vil ha med deg fortsetjinga.

(2018)

Les meir

 
 

Aurstad & Westberg – STRÅMANN

stråmannÅ vende heim med halen mellom beina

Oversetjaren Robert Vinter, som har hatt litt motgang i livet, ser endelig ut til å ha gjort det stort, etter å ha oversett ein stor internasjonal hit. Men då det viser seg at han har kopiert ein del av den spanske boka frå ei engelsk oversetting, som ikkje var særleg bra, går det på tverke igjen. Robert tek på seg eit oppdrag der han skal skrive ei bok om den lokale jernbana på heimstaden Raumer, men viklar seg inn i ei suppe av lokale heltar, miljøkriminalitet og tvilsomme personar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande bygdekrim med eit snev av samfunnskritikk. 

(2020)

Les meir

 

Katrine Engberg – KROKODILLEVOKTEREN

Ny dansk krimdronning?

Fyrste møte med denne danske forfattaren.

Ei ung jente vert funnen drept i leiligheita si i København, som ho deler med ei venninne. Venninna er bortreist, og ein gammal nabo finn henne, og får ei illebefinnande av opplevinga, og hamnar på sjukehuset.

Den døde jenta har fått rissa inn eit mønster i ansiktet, og politiet står utan særlige spor, før husvertinna, Esther de Laurenti fortel at ho skriv på ei krimbok, der plottet er so og seie identisk med det som har skjedd med den unge leigetakaren hennar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å stifte nye bekjentskap, som kan vere starten på eit nytt og spennande litterært forhold.

(2016)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/07/2020 tommar bøker, danmark, engberg, forfattar, københavn, politi

 

Jørgen Brekke – ALLE KAN DREPE

Skuffande Singsaker

Ei litt annaleis Odd Singsaker-bok. Han og Felicia er på nippet til å verte foreldre, då ein litteraturkritikar vert drepen. Drapet er ganske brutalt og bestialsk, og står i sterk kontrast med livet til den drepte Tore Harran.

Ei parallellhistorie fortel om fem nordiske venner som jobber ved eit sjukehus i Sverige ein gong på 90-talet, og det er vel ikkje HEILT utenkelig at me finn enten offer eller drapsmann blant disse.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest alle dei forrige Singsaker-bøkene, og ikkje vil ha eit hol i samlinga.

(2018)

Les meir

 

Jon Øystein Flink – MORD I OPPGANGEN

Lettbeint, med eit snev av det parodiske

Ein krimforfattar som muligens er i ferd med å roe ned sitt utsvevande liv, med dame og unge, blir likevel med ei ungdomsvenninne heim ei natt. På vei ut frå leiligheita hennar finn han ei død kvinne i trappeoppgangen, og plutselig er krimforfattaren midt i ei ekte krimhistorie.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/02/2019 tommar flink, forfattar, norge, oslo