RSS

Kategoriarkiv: fossum

Karin Fossum – DJEVELEN HOLDER LYSET

Drygt ventespel

To lokale ungdommar skaper uro i nabolaget, men ein kveld forsvinn den eine sporlaust. Den andre veit kva hus kameraten forsvann inn i, men tør ikkje gå til politiet. Inni i huset er eigaren i eit dilemma, og politiet står utan spor.

(1998)

Les meir

Advertisements
 

Karin Fossum – DEN SOM FRYKTER ULVEN

Gisseldrama i skauen

Ei eldre dame vert funnen brutalt drept på småbruket sitt, og eit ungt vitne har sett bygdas galning, Erkki Johrma, forlate staden.

Samstundes vert den lokale banken rana, og ranaren tek med seg eit gissel. Tilfeldigheitene vil at dette gisselet er Erkki, den gale drapsmannen.

Ei bok som skil seg litt frå dei to fyrste i Sejer-serien.

(1997)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/06/2018 in 90-talet, fossum, gissel, norge, politi, sejer, skog

 

Karin Fossum – SE DEG IKKE TILBAKE

Bygdehemmeligheiter

Tenåringen Annie Holland er godt likt av alle, og har passa alle ungane i nabolaget. Under ein leiteaksjon etter ein forsvunnen 6-åring i den rolege og kvardagslige bygda, vert Annie funnen drept og avkledd ved eit vatn.

Ingen i bygda ser ut til å ha noko i mot jenta, og etterforskinga blir ei lei nøtt for Sejer.

(1996)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/06/2018 in fossum, landsbygda, norge, politi, sejer

 

Karin Fossum – EVAS ØYE

Den fyrste Sejer

Den fyrste boka om Konrad Sejer. Ei kvinne og dottera hennar finn eit lik flytande i elva. Dottera får med seg mora til ein telefonkiosk for å ringe politiet, men mora ringer heller nokon andre.

Konrad Sejer må finne ut kva som har skjedd med den døde, og om det kan setjast i samanheng med eit anna nyleg drap.

(1995)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/06/2018 in 90-talet, fossum, norge, politi, sejer

 

Karin Fossum – ELSKEDE POONA

Heilt i norsktoppen

Gunder Joman er ungkar, og har knapt reist noko i heile sitt liv, då han får for seg å reise til India for å finne seg ei kone. Etter 14 dagar er han gift, og kona skal kome etter han tilbake til Norge. Men den dagen han skal hente henne, kjem systra hans ut for ei bilulykke, og hamnar i koma. Ein venn må hente henne, men han finn henne ikkje på flyplassen.

Dagen etter finn folk i den vesle bygda Elvestad eit svært skamfert lik i ein åker, og Konrad Sejer og Jakob Skarre vert sett på saka.

(2000)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 11/06/2018 in fossum, india, norge, politi, sejer