RSS

Kategoriarkiv: french

Tana French – SKOGEN

skogen2Som nevnt tidligare, så er dette den einaste krimboka eg nokon gong har byrja på, og ikkje fullført. To gonger. Men denne veka leita eg den opp igjen, og kom meg gjennom til slutt.

Tre ungar leikar i skogen i ein liten forstad i Irland, og to av dei kjem aldri heim. Fleire år etter, er han som kom tilbake, Adam Ryan, tilbake på staden som politimann, med nytt namn. Ei ung jente, Katy Devlin, har forsvunne, og dukkar opp død på eit steinalter i skogkanten. Ryan og kompanjongen hans, Cassie, får saka, og Ryan lurer på om den nye saka kan kaste lys over det som skjedde den gongen.

Ei lang og tung bok, der det går så sakte at ein har god tid til å tenke at ein aldri skal kjøpe ei bok av Tana French igjen… Fyrste gong eg byrja på denne boka, var rett etter at ho kom ut, i 2007. Deretter prøvde eg på nytt i 2012, etter å ha lest den andre boka om Cassie Maddox, Lik, men igjen vart den liggande til denne veka, då eg kom meg gjennom dei siste 300 sidene.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/03/2013 in barn, forsvinning, french, irland, politi, skog

 

Tana French – LIK

Etterforskaren Cassie Maddox vert tilkalla til ein åstad for eit mord, fordi drapsofferet er prikk likt ho sjølv, og i tillegg går under namnet Lexie Madison, eit namn Maddox sjølv brukte som infiltratør (hvis det er eit ekte ord).

Maddox må dermed infiltrere miljøet offeret levde i, for å finne ut kven ho er, og kven som er drapsmannen eller drapskvinna.

I utgangspunktet ein veldig spennande tanke, men måten det vert løyst på her, er alt anna enn spennande.

Var så sikker på at eg hadde lest ei bok av Tana French tidlegare, men kunne ikkje finne den nokon stad, før det viste seg at den fyrste boka hennar, Skogen, er den einaste krimboka eg har byrja på, men lagt frå meg, fordi den har vore så kjedelig… Synd eg ikkje var klar over det før eg kjøpte denne.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/08/2012 in french, irland, politi, undercover