RSS

Kategoriarkiv: fyr

Knut Nærum – DEN GÅTEFULLE OBERON QVIST

dengåtefulleoberonMange noveller små..

Dette er heile åtte krimhistorier, med detektiven Oberon Qvist i hovudrolla. Som ein slags mellommann, er forfattaren Kjell Nilsen, som fortel historiene, men som samstundes har sett seg nøydd til å gå i skjul på eit fyr ein stad langs sørlandskysten.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi miksen mellom kløktig klassisk krim og humor er midt i blinken for deg.

(2018)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/06/2022 tommar detektiv, forfattar, fyr, nærum, norge, oslo

 

Yrsa Sigurdardottir – LØGNEN

løgnenDenne boka går i tre forskjellige, spennande, retningar frå starten av.

Mannen til politikvinna Nina ligg i koma etter å ha prøvd å ta livet av seg. Medan ho rydder i arkivet på politihuset, kjem ho over eit 30 år gammalt avhøyr av mannen sin, der han fortel om eit sjølvmord han var vitne til som barn, som er heilt identisk og på same stad som han sjølv prøvde å ta livet sitt.

På eit fyr langt ute i havet sit fire menneske med ei kjensle av at dei ikkje er åleine på den vesle klippa helikopteret slapp dei av på.

Ei familie kjem heim frå USA, etter å ha bytta hus med ei amerikansk familie. Men dei får ikkje kontakt med amerikanarane, og ein overvakingsvideo frå hytta deira tyder på at noko ikkje er som det skal vere.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2015 tommar fyr, island, politi, sigurdardottir