RSS

Kategoriarkiv: galbraith

Robert Galbraith – ONDSKAPENS KALL

Galbraith blir bedre og bedre

Den tredje boka i serien om Cormoran Strike og Robin er nok den mest beste hittil, sjølv om den er proppa med sitat frå Blue Oyster Cult.

Robin får tilsendt ein pakke som inneheld eit bein frå ei død kvinne. Strike mistenker med ein gong at dette kan dreie seg om hemn frå ein han har kryssa spor med tidlegare.

Politiet får ein mistenkt i saka, men frå Strike si eiga liste over mulig mistenkte, er politiets mann nederst på lista.

Så då må dei to ordne opp sjølv.

(2015)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/04/2019 tommar detektiv, england, galbraith, hevn, london

 

Robert Galbraith – SILKEORMEN

Solid detektivhistorie

Den andre krimboka til JK Rowling, under pseudonym, og muligens eit hakk opp frå den fyrste.

Detektiven Cormoran Strike får i oppdrag å finne forfattaren Owen Quine, som i følge kona, har gått i dekning for å skrive på si nye bok. Men ikkje lenge etter finn Cormoran han drept.

Quine skriv på ei bok der han heng ut fleire gjenkjennelige celebritetar, som igjen betyr at lista over mistenkte er laaaaang.

(2014)

Les meir

 
 

Robert Galbraith – THE CUCKOO´S CALLING

cuckoos callingDen siste boka til Harry Potter-forfattaren JK Rowling, under pseudonymet Robert Galbraith. Forfattaren hadde nok eit håp om at dette kunne haldast hemmelig, men det vart avslørt i god tid før boka kom ut.

Helten i boka er privatdetektiven Cormoran Strike, ein tidlegare soldat som har måtte amputere eine foten. John Bristow er adoptivbroren til toppmodellen Lula Landry, som nyleg tok sitt eige liv ved å hoppe frå balkongen sin. Bristow er ein av få som meiner ho har vorte drept, sjølv om politietterforskinga tydeleg har bevist det motsatte.

Strike får godt betalt for å sjå på den tilsynelatande oppklarte saka ein gong til.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 14/10/2013 tommar detektiv, england, galbraith, london