Ei høgt anbefalt bok, skal ein tru det forlaget har skrive bakpå. Lev vel ikkje heilt opp til forventingane.
Ein aldrande etterforskar, og kollegaen hennar, får ei sak med ein uteliggar som har vorte drepen, tilsynelatande av snauskallar. Men det viser seg at vedkomande allereie var død då snauskallane banka han, men kvifor la dei då slik flid i å få det til å sjå ut som eit overfall?
Tung og innhaldsfattig, like greit å styre unna.
(2004)