RSS

Kategoriarkiv: gjeng

Edgar Wallace – BLODRØD SIRKEL

blodrød sirkelHundre år gammal krim

Ein bande truar velståande personar, og krever store pengar av dei, for å unngå å bli drept. Dei fleste betaler, men dei som står i mot, må bøte med livet. James Beardmore er ein av dei sistnemnde. Han nekter, og vert skoten ute i hagen på sin eigen eigedom. Sonen Jack er den som finn han. Ein synsk privatdetektiv ved namn Derrick Yale er på saka, saman med Scotland Yards inspektør Parr.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for hundre år gammal krim. 

(1922)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/10/2022 tommar 20-talet, england, gjeng, utpressing, wallace

 

Graham Greene – BRIGHTON ROCK

brightonrockSeigt sør-engelsk godteri

Charles (eller Fred) Hale er på oppdrag frå avisa han jobbar i, då han vert drepen i Brighton. Ida Arnold, ei tilfeldig kvinne han møtte samme dag som han vart drepen, får høyre at han døydde av naturlege årsaker, men er fast bestemt på å bevise at det ikkje stemmer.  

Den 17-årige gjengleiaren Pinky Brown som står bak drapet, gjer kva han kan for at Ida ikkje skal avsløre han, og går så langt som til å gifte seg med eit vitne, for å unngå at ho skal seie noko. Men Ida har ingen planer om å gi seg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim av svært gammal årgang.

(1938)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/02/2022 tommar 30-talet, brighton, england, gjeng, greene, ungdom