RSS

Kategoriarkiv: grebe

Camilla Grebe – SKYGGEJEGEREN

skyggejegerenUløyste saker gjennom 75 år

Stockholm 1944: Politiet rykker ut til ein åstad, der ei kvinne er drept, og spikra fast til golvet. Politisøster Elsie Svenns står i vegen for den flyktende gjerningsmannen, og vert skubba ned ei trapp, og livet står ikkje til å redde.

Deretter følger me politikvinnene Britt-Marie, Hanne og Malin, på henholdvis 70-talet, 80-talet og i dag, som etterforskar drap som minner om det i 1944.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kompliserte saker som strekker seg over fleire tiår og fleire etterforskarar.

(2019)

Les meir

Reklame
 

Camilla Grebe – DVALEN

dvalenPsyko-thriller

Samuel rotar til ein narkohandel, og må flykte. Han reiser ut til kysten, der han finn den perfekte gøymestad som personlig assistent for ei familie som har ein son med hjerneskade. 

Hanne Lagerlind hjelper politiet med å finne ut av to narkorelaterte drap, og det kjem vel ikkje som ei bombe at dei to sakene kryssar vegar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for ein god psykologisk thriller.

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/09/2021 tommar grebe, kystliv, narkotika, politi, sverige

 

Camilla Grebe – HUSDYRET

husdyretCold case med ein vri

Den unge politikvinna Malin vert sendt til heimbygda Ormberg for å etterforske ei cold case-sak. Eit barneskjelett vart funne i skogen, og tilfeldighetene vil at det var Malin, som den gong ikkje var gamle tausa sjølv, som fann det. 

I etterforskinga forsvinn ikkje mindre enn to av etterforskarane sporlaust, blant dei adferdsspesialisten Hanne Lagerlind, som kjempar mot demensen. Nokon har funne dagboka til Hanne, og gjennom den vert me ført mot løysinga.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil følge historia til Hanne Lagerlind vidare.

(2017)

Les meir

 
 

Camilla Grebe – NÅR ISEN BRISTER

nårisenbristerSpennande persongalleri

Emma jobbar i klesbutikk, og har innleia eit hemmelig forhold til mannen som eig butikkjeden. Kollegene er nysgjerrige, men ingen kan få vite noko.

Hopp eit par månader fram i tid: Ei ung kvinne vert funnen drept i leiligheita til moteprofilen Jesper Orre. Politiet har problem med å identifisere kvinna, og Orre er sjølv forsvunnen. Men er han gjerningsmannen, eller nok eit offer?

Politiet kontaktar Hanne Lagerlind, som er adferdsforskar, og tidlegare har konsultert politiet, for å få hjelp, men ho er motvillig.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på ein ny svensk krimforfattar.

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/09/2021 tommar grebe, mote, politi, sverige