RSS

Kategoriarkiv: grøss

H.K. Fauskanger – SKARLAGENSSALEN

SkarlagenssalenI Austfold ligg garden Ugge, der det fins eit rom i kjellaren som ikkje bør opnast. Soga seier at herren på garden, Ulstadius Ugge selde sjela si til djevelen, og at alle dei er for lenge i rommet, ikkje kjem derfrå med helsa i behold.

Skodespelaren og skeptikaren Fredrik Lange har inngått eit veddemål med ein kollega, om at han utan problem kan tilbringe natta i rommet, Skarlagenssalen.

Men ting går ikkje heilt slik som Lange planlegg, og ting kan tyde på at myta ikkje berre er ei myte.

(2013)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 22/09/2015 tommar 1800-talet, austfold, fauskanger, grøss, okkultisme

 

Stikkord:

Daphne Du Maurier – REBECCA

rebeccaDu Maurier sin klassiske thriller kjem nok ikkje under krimkategorien, men den 76 år gamle boka er framleis spennande lesing.

Ei ung kvinne som er i Monte Carlo som ei slags selskapspike for den rike amerikanske fru Van Hopper, når ho møter den ferske enkemannen Maxim de Winter. I all hast giftar dei to seg, og reiser tilbake til den myteomspunne heimstaden hans, Manderley.

Men alle draumane og glamouren som den unge kvinna knyter til herregården, vert overskygga av minna om den forrige kona, Rebecca. Mrs Danvers, som styrer tenarane, legg den nye kona umiddelbart for hat, og uhyggen bygger seg opp heile vegen.

Ei spennande bok, som kanskje startar litt tamt, men som vert betre og betre. Og når du har lest den ut, og stussar på det som kanskje er ein av dei mest omtala sluttane i bokhistoria, så vert du nøydd til å gå inn og lese dei fyrste kapitla ein gong til.

(1938)

 

Yrsa Sigurdardottir – JEG VET HVEM DU ER

Bak på boka kan denne historia minne om den gamle NRK-serien Marerittet, der et par overnattar på eit nedlagt fiskevær. Her er det snakk om eit par, og ei venninne, som skal pusse opp eit gammalt hus dei har kjøpt, og gjere det om til eit gjestegiveri.

Det er vinter, og resten av det avsidesliggande fiskeværet står tomt, og alle vindauga er spikra for. Dei har avtalt med ein lokal mann som skal hente dei frå fastlandet om nokre dagar. Men så skjer det ting i mellomtida.

Samstundes har psykologen Freyr teke ei legestilling nordpå, for å kome vekk frå Reykjavik, etter at sonen hans forsvann sporlaust tre år tidlegare.

Uforklarlege ting byrjar å skje samstundes på dei to stadane.

Ei veldig skummel og spennande bok, der me kjenner igjen noko av stemninga  frå Indridason sine bøker.

(2010)

Les meir

 
 

Knut Nærum – DE DØDES BÅT

Nok ein satirisk påskekrim frå Nærum, og nok ei humoristisk hylling av Bernhard Borge.

Denne gongen er handlinga lagt til sørlandet, der kriminalforfattaren Kjell Nilsen ferier i skjergarden.

Me møter eit begrensa galleri av hyttefolk og lokalfolk på ei øy, og sjølvsagt endar det med at ein av innbyggarane vert drepen.

Heldigvis er det ein privatdetektiv blant sommargjestane på øya.

(2008)

Les meir

 
 

Knut Nærum – DØDE MENN GÅR PÅ SKI

Eigentleg er dette ein parodi på bøkene til André Bjerke (Bernhard Borge), og andre bøker frå en tida, der psykoanalysen stod i sentrum. Men likevel gjer Nærum den til ei spennande bok som er heilt på høgde med det han parodierer.

Ein eksentrisk milliardær inviterer fleire venner med seg på hytta i påska, blant dei psykoanalytikaren Konrad Stang. Milliardæren seier at den som vil vere med på ei mordgåte, og klarer å finne mordaren uten å verte drept, skal få ein feit pengesum.

Men så byrjar gjestane å verte drepne, ein etter ein, og det mumlast om eit gammalt sagn om den tidlegare eigaren, som var ein drapsmann ved namn Ulvar Mørkli.

Dette er De dødes tjern på fjellet, men likevel spennande og morsomt samtidig.

(2002)

Les meir

 

André Bjerke – NATTMENNESKET

Den fyrste boka André Bjerke skreiv som Bernhard Borge, og forgjengaren til blant anna De dødes tjern.

Ei gruppe unge mennesker er samla på eit sommarhus ved havet ein stad, blant dei Bernhard Borge. Huset litt sjølvsagt litt avsidesliggande til, og ein må gjennom eit skogområde for å kome dit. Veldig skummelt.

Det startar med god stemning, men så vert stemninga dårlegare blant gjestane i huset, og det endar med at ein av dei vert drept. Og alle er potensielle skuldige.

Inn kjem psykoanalytikaren Kai Bugge, også kjend frå De dødes tjern, og løyser saka.

(1941)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 01/10/2008 tommar bjerke, borge (bernhard), grøss, norge, psykologi

 

Andre Bjerke – DØDE MENN GÅR I LAND

Ei klassisk krimbok frå eit havmiljø ein stad på sørvestlandet. Ei av bøkene Bjerke skreiv om Bernhard Borge (som De Dødes Tjern).

Spennande bok, god gammaldags norsk krim, skummel, svart, med psykologi, satanisme og spøkelser. Kanskje ein del manglar i forhold til den moderne krimromanen, men på ei anna side har denne ei skummel side som me svært sjelden ser i dagens krim.

Denne er nesten skumlare enn De Dødes Tjern.

(1947)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/07/2006 tommar bjerke, borge (bernhard), grøss, kystliv, norge

 

Dorothy L. Sayers – DØDSKLOKKENE

Klassisk påskekrim

Dette er ein britisk påskekrim av det gode, gamle slaget.

Eit lik vert funne i ein liten landsby. Landsbyen har ein gjeng klokkeringarar, og høgdepunktet i bygda er når dei ringjer kyrkjeklokkene kvar søndag.

Så finn dei eit lik, skulle du sett.

Hovudpersonen er helten Lord Peter Wimsey, som er med i mange av bøkene til Sayers.

Spennande bok, men litt mykje detaljar om klokkeringing undervegs. Vanskeleg å forholde seg til dersom du ikkje er spesielt interessert.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi britisk krim frå gamle dager er det beste du veit. 

(1934)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/07/2005 tommar england, grøss, klassisk britisk, sayers, wimsey