RSS

Kategoriarkiv: hagfors

Ninni Schulman – SVAR HVIS DU HØRER MEG

Den tredje boka i serien frå Hagfors, om lokaljournalist Magdalena Hansson og politifolka Christer Berglund og Petra Wilander.

Under jakta vert ein av medlemmene på det lokale jaktlaget funnet skoten på sin post, og dottera hans som var med på jakta, har forsvunne.

Politisjefen er med på jaktlaget, og får same status som dei andre på laget, noko som kompliserer saka.

Kort tid før jakta har ein ulv vorte ulovleg skoten i nærleiken, og politiet lurer på om tjuvfellinga kan ha noko med drapet å gjere.

(2013)

Les meir

Reklame
 
2 kommentarar

Posta av den 09/04/2017 tommar hagfors, hevn, jakt, journalist, politi, schulman, sverige

 

Ninni Schulman – GUTTEN SOM SLUTTET Å GRÅTE

Ei kvinne døyr etter ein husbrann i Hagfors, og det kan tyde på at den eksplosive brannen er påtent. Ein mann har vorte sett syklande frå staden like før.

Ikkje mange dagane etter, står eit nytt hus i brann på den vesle staden, og brannen liknar veldig på den forrige.

(2012)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 02/04/2017 tommar brann, hagfors, journalist, politi, pyroman, schulman, sverige

 

Ninni Schulman – JENTA MED SNØ I HÅRET

Magdalena Hansson flyttar tilbake til heimbygda Hagfors etter ei skilsmisse, saman med sin 6 år gamle son. Ho tek over som redaktør i lokalavisa, og ser fram til å jobbe med å dekke basarar og barnehageutflukter.

Men så forsvinn ei ung jente på nyttårsaftan, og ikkje lenge etter vert ei ung jente funnen drept. Er det den same jenta?

Nok ein drivande og god krim frå den svenske landsbygda. Schulman skil seg nok litt frå sine kolleger, med å vere litt mindre stemningsfull i miljøskildringane, men desto meir detaljert om grove overgrepshandlingar.

Men boka vart lest i løpet av tre kveldar, og kan fort verte ein av dei store påskehitane i år.

Her kan du kjøpe boka.

(2010)

Les meir

 
3 kommentarar

Posta av den 14/03/2012 tommar hagfors, journalist, schulman, sverige, vinter