RSS

Kategoriarkiv: hanssen

Eystein Hanssen – TRIANGEL

Fartsfylt narkodrama

Elli Rathke er sjukmeldt etter forrige bok, og bruker tida på å finne ut meir som det som skjedde den gongen systra vart drept, og saka aldri vart løyst.

Samtidig jobber kollega Jan Nereng med eit drap der ein lege har vorte skoten i ein tunnell, etter at han har prøvd å hjelpe ein bil som har snurra på glattisen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du narkorelaterte krimhistorier, med handling utover landegrensene, eller at du simpelthen likar Elli Rathke. 

(2012)

Les meir

Reklame
 

Eystein Hanssen – BRENNEMERKET

brennemerketDenne gongen er Elli Rathke på ferie i Bangkok, då mor hennar ser ei jente som minner henne om søstra til Elli. Dette vert inngongen til problematikk for Elli, som synes ho dreg kjensel på ei norsk stemme i forbifarta.

Saman med en lokal politimann ser Elli ein sjanse til å få vite sanninga om ei gammal sak som har gnagd henne lenge, men samtidig driv dei ei ulovlig etterforsking av ein mann som er kjend for å ta livet av sine fiendar.

(2015)

Les Meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/11/2015 tommar hanssen, politi, thailand, uløyste saker

 

Eystein Hanssen – GIFTSTRØM

giftstromBok nummer to om Elli Rathke, og ei relativt spennande og actionprega bok.

Ein ung mann frå Uganda vert arrestert i Oslo, under ei narkotikasak, og han fortel om ein nordmann som er kidnappa i områda rundt Uganda, Kongo og Sudan. Men ingen i det offentlige Norge ser ut til å vite om kidnappinga. Så byrjar det dukke opp pakkar på ambassaden i Kampala, som inneheld bevis på at fredsforhandlaren Otto Kamperud er teken som gissel.

Så, og dette er ein av dei stadene der ein som lesar må legge godvilja til, og tenke Hollywood eller James Bond, så vert Elli Rathke send åleine til jungelen i Uganda for å frigi gisselet.

Ei spennande bok, og Eystein Hanssen viser seg som ein slags norsk Wilbur Smith i denne boka. Spennande, men som nemnt, ein må ha på seg Hollywoodbrillene ein del stader her, for å kjøpe logikken. Men spennande lesing, uansett.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/05/2013 tommar afrika, hanssen, norge, politi

 

Eystein Hanssen – DE INGEN SAVNER

Ei ung politikvinne med eit langt innvikla namn og eit litt enklare kallenamn, halvt thailandsk, ekspert på karate og sjølvsagt med drap i familiehistoria. Det kan virke som om forfattaren prøver for hardt, men han får det til å fungere overraskande bra.

Litt same tema som den forrige boka, så sånn sett kunne ein vel venta litt med denne.

Ei ung jente vert funna død på ei gravlund i Oslo, og det ser ut som overdose. Men politikvinna Elli Rathke mistenker drap, og får rett. Og når ei ny ung jente vert funna død på same måten litt seinare, innser politiet at dei står overfor ein seriemordar.

Litt famlande start, men historia tek seg veldig opp utover. Innfløkt plott, og mange tvistar og vendingar mot slutten.

Kjøpte denne på Mammutsalget i år, så er du rask, får du den for ein billig penge.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/03/2012 tommar hanssen, norge, oslo, politi, seriemordar