RSS

Kategoriarkiv: harry hole

Jo Nesbø – KNIV

Er det den beste frå Nesbø?

Den fyrste massemordaren Harry Hole arresterte, vert sett fri. Svein «Forloveden» Finne har sona ferdig.

Ein person som står Hole nær, vert funnen drept i sin eigen heim, og Harry Hole mistenker med ein gong at dette er på grunn av han.

Ein Harry Hole, som kanskje er på sitt lavaste nivå, me snakkar Hong Kong/Thailand-periodene, må løyse si hittil mest personlege sak.

NB: Klikkar du på «Les meir», så finn du spoilerar av historia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god krim og Harry Hole.

(2019)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 24/06/2019 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Jo Nesbø – TØRST

Nok ein oppslukande Hole-krim

Nokon tek livet av ei jente som akkurat har vore på tinder-date, og VG har ei kilde på innsida som kan avsløre fleire detaljar, blant anna at den fyrste jenta har vorte bitt av metalltenner.

Politimester Bellmann er engstelig for at den vanskelige saka skal legge kjepper i hjula for hans eigen karriere, og finn ut at den einaste som kan løyse saka er Harry Hole.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Harry Hole.

(2017)

Les meir

 
 

Jo Nesbø – POLITI

politiHarry er oppstanden

Sommarens store snakkis, der Harry Hole gjenoppstår frå dei døde.

Ein drapsmann er i ferd med å ta livet av politifolk på åstaden til saker dei sjølv tidlegare har jobba på. Harry Hole svevde mellom liv og død i slutten av forrige bok, og kollegaene må klare seg utan han i denne saka. Men sjølvsagt skjer det noko som gjer at han kjem tilbake.

Sikkert ei av dei 15-20 beste krimbøkene eg har lest, men langt frå den beste Nesbøboka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du nektar å godta slutten på den forrige Harry Hole-boka.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 27/07/2013 tommar harry hole, hevn, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Jo Nesbø – GJENFERD

Hole i underverda i Oslo

Den foreløpig siste boka om Harry Hole. Og for ei bok.

Harry vert henta tilbake til Oslo når Oleg, sonen til eksdama Rakel, vert arrestert for drap på ein annan rusmisbrukar.

Harry viklar seg inn i eit nett av doplangarar og undergrunnsbaronar, for å vise at Oleg er uskuldig.

Harry Hole-bøkene ser berre ut til å verte bedre og bedre.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krimoppgjer i dopverda.

(2011)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 29/06/2011 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – PANSERHJERTE

Meir blodig Hole enn tidlegare

Etter oppgjeret med Snømannen, har Harry Hole rømt til Hong Kong, der han driv med ein slags sjølvmedisinering.

Heime i Oslo vert to personar drepne på ein måte som berre kan forklarast som tortur av verste slag. Begge har drukna i sitt eige blod, og har stikksår på innsida av munnen. Politiet gjer alt dei kan for å få Hole tilbake til Oslo for å jobbe med saka.

Hole er enda lenger nede no enn han har vore tidlegare, og slit med både den eine og den andre demonen. Dop, alkohol, lengselen etter Rakel, og ein far som ligg for døden.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som går litt over til det bestialske.

(2009)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 29/09/2009 tommar afrika, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – SNØMANNEN

Iskald spenning. Neida. Jauda.

Bok nummer 7 om den godaste Harry Hole.

Ei kvinne forsvinn i Oslo, og i hagen hennar står ein snømann, med ansiktet vendt inn mot huset.

Fleire kvinner forsvinn, og Hole må tilbake i tid for å løyse sakene. I tillegg er Rakel veldig sentral i denne boka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du berre må få deg alle bøkene i denne moderne klassikar-serien.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 31/10/2008 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, snø

 

Jo Nesbø – FRELSEREN

Jakta på ein attentatmann

Den hittil siste boka om Harry Hole.

Denne vart også lesa på to kveldar. Det handlar om miljøet rundt Frelsesarmeen, og fortid møter notid igjen. Historiene vekslar mellom 1991, då noko skjer på ein sommarleir i regi av Frelsesarmeen, og samtidig klarer ein tenåring i Kroatia å sprenge serbiske stridsvogner i byen Vukovar.

Tilbake i 2003, vert ein frelsesarmesoldat skoten og drepen under ein forjulskonsert på Egertorget i Oslo.

Veldig bra bok, og sjølv om ein vert blinda av at bøkene til Nesbø er så gode, så må eg seie at dette mest truleg er den beste av dei alle. Djup, brei og underhaldande.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim der det skjer så mykje at du ikkje rekk å legge den frå deg.

(2005)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 10/05/2006 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – MAREKORS

Oslo sin eigen Summer of Sam

Jauda, enda bedre enn den forrige. Denne gongen er det fleire jenter som vert drepne i Oslo ein heit sommar, samstundes som Harry Hole må jobbe med sin verste kollega igjen; Tom Waaler.

Det hjelp lite at Hole er tilbake hjå kong alkohol, og også er på veg ut av politikorpset, og ting skjer jamnt. Forholdet til Rakel hanglar også, og han vert kasta ut av Schrøder.

Eg las boka på to kveldar, ca 200 sider kvar kveld. Givande.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest om Harry Hole før, og gjerne vil få med deg den beste boka.

(2003)

Les meir

 
3 kommentarar

Posta av den 29/03/2006 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – SORGENFRI

Bankran som går feil. Eller?

Den fjerde boka. Denne gongen er det ein bankranar som skyt ei av dei ansatte i banken. Men Harry Hole synes det er rart at gisselet vert skota, når resten av ranet går så prikkfritt.

Hole vender seg til ein sigøyner og tidlegare bankranarlegende for å få hjelp i saka.

Nesbø vert bedre og bedre. Spennande frå start til mål. Og me vert kjende med nye, spennande karakterar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kan like ei temporik bankranar jakt.

(2002)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/03/2006 tommar bankran, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Jo Nesbø – RØDSTRUPE

Skuggar frå krigen 

Den tredje boka til Nesbø tek historiene om Harry Hole til ein ny dimensjon.

Det byrjar med at Hole skyt ein amerikansk Secret Service mann under besøket til president Bill Clinton. Deretter vert han overført til ei ny avdeling, der han jobbar med våpensmugling og nazimiljø.

Her kryssar ei historie frå krigen med ei rekke ugjerningar i dagens Oslo. I tillegg kjem det inn ein smak av Bernhard Borge når ein av dei mistenkte har splitta personlegheit…

Mykje meir omfattande enn dei forrige to også, med fleire historier, og omtrent dobbelt så lang. Men fengande heile veien. Kanskje til og med bedre enn Flaggermusmannen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar omfattande historier som vert nøsta i hop til slutt.

(2001)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 06/03/2006 tommar andre verdenskrig, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi