RSS

Kategoriarkiv: havet

Heine Bakkeid – JEG SKAL SAVNE DEG I MORGEN

Spennande nykomar

Ein tidlegare politimann har sona ein dom, og får ikkje returnere til tenesten. Etter at han vert lauslatt frå fengselet, vert  han kontakta av ei kvinne som vil han skal reise til Nord-Norge for å finne sonen hennar, som har forsvunne frå eit fyr der oppe.

På fyret opplever Thorkild Aske å sjå og oppleve uforklarlege ting, ting han meiner ikkje er ei følge av den tunge sjølvmedisineringa han driv med.

Boka ligg i eit krysningsland mellom Yrsa Sigurdardottir og Frode Granhus, og er både spennande og skummel.

(2016)

Les meir

Reklame
 
 

Ruth Ware – KVINNEN I LUGAR 10

Får aldri opp storseglet

Lo Blacklock, ein engelsk reisejournalist, får sjansen til å vere med på eit luksuscruise langs norskekysten. Men berre kort tid før cruiset, vert ho overfalt og rana i si eiga leiligheit, og når ho reiser for å skrive ei sak frå cruiset, slit ho framleis med traumer og sjølvmedisinering.

Ombord på skipet vert ho (einaste) vitne til at ein person vert kasta over bord. Det viser seg at ingen personar er sakna ombord, men Lo har møtt ei ung jente rett før, som ho er sikker på at er den som har forsvunne. Men etter kvart vert ho usikker på om ho verkeleg har møtt denne kvinna, eller om det berre er noko ho innbiller seg.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/07/2017 tommar båt, cruise, england, forsvinning, havet, norge, skip, ware

 

Max Mauser – EN HAI FØLGER BÅTEN

Ein norsk båt er på veg frå Spania til Amerika, med få passasjerar om bord. Passasjerane er alle interesserte i å kome seg vekk frå krigen i Spania, og mannskapet kjenner ikkje altfor godt til passasjerane. Vel ut på havet, viser det seg at blant dei få passasjerane, finnest ein mordar.

(1939)

Les meir

 
 

Yrsa Sigurdardottir – DØDSSKIPET

dødsslipetEg har sjeldan gleda meg meir til ei bok, enn denne. Etter to middels bøker i starten av året, og ei fantastisk forrige bok (Jeg vet hvem du er) så var forventingane høge til denne.

Og den skuffar ikkje. Sånn cirka eit døgn tok det å lese dei 415 sidene, og sjølv om boka ikkje er like skummel som den forrige, så er den mørk, spennande og ubehagelig på mange måtar.

Ein luksusyacht kjem inn til kai i Reykjavik, og køyrer rett i ein molo. Det viser seg at det ikkje er nokon om bord i båten, sjølv om det var 7 personar ombord når den forlot Lisboa ei veke tidlegare. Blant dei, Ægir, kona hans Lara, og tvillingdøtrene deira. Den yngste dottera er heime på Island med foreldra til Ægir. Dei hyrer inn advokaten Tora for å finne ut som sonen framleis kan vere i live.

(2011)

Les meir

 

Ørjan N. Karlsson – GOLIAT

Eit forsyningsskip vert kapra ved norskekysten, samstundes som norske marinesoldatar bordar ein russisk trålar som fiskar ulovleg.

I Irak blir eit amerikansk fly skote ned, og høgteknologiske hemmelegheiter vert stolne.

Fleire tilsynelatande frittståande hendelsar vert fletta saman, i ein relativt spennane thriller av ei bok. Fenrik Frank Halvorsen er mannen som går i spissen for å få berga Norge frå eit potensielt terrorangrep.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/02/2009 tommar havet, karlsson, norge, platform, soldat, terror

 

Frank Schätzing – SVERMEN

Ein ny mark vert oppdaga på botnen av nordsjøen. Ein fiskar forsvinn i havet utanfor Sør-Amerika. Kvalar angrip turistar ved kysten av Alaska.

Verda går under, og me vert angripne av vesen frå havbotnen.

Til tider veldig bra, til tider veldig fagleg, og til andre tider igjen; ikkje so realistisk. Alt i alt er den OK, men det vart mykje skumming gjennom sider når det vart for mykje fagprat om olje og hav.

Ein liten kuriosa her, er at sjølv om forfattaren er tysk, så er hovudpersonen, Sigur Johanson, frå Trondheim, og mykje av handlinga er frå Trondheim, Kristiansund og Averøya.

Den tjukkaste boka eg har lest. Ca 1000 sider, med som sagt, mykje skumlesing.

PS: Etter at eg hadde lest denne boka, har det med jamne mellomrom dukka på saker i avisene som har med havet, sjeldne funn, døde fiskar, forsvinningar etc å gjere, som kunne glidd rett inn i boka.

(2004)

Les meir

 

Joseph O’Connor – STAR OF THE SEA

Ei forteljing om irske emigrantar ombord på skipet Star of the Sea.

Det er 1847, og det er hungersnaud i Irland. Me møter drapsmannen Pius Mulvey, tenestejenta Mary Duane, journalisten Dixon og Lord Kingscourt, en landeigar som har gått konkurs. Og om bord på skipet skal det skje eit drap.

Det er mykje fattigdom og syfilis i denne forteljinga, men det er eit eller anna med den. For sjølv om den ikkje verkar så spennande, så er den vanskeleg å legge frå seg når du har kome i gong.

(2004)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 07/08/2005 tommar havet, historisk, irland, o´connor, skip