RSS

Kategoriarkiv: heimlause

Hanne Kristin Rohde – GUDMOREN

gudmorenEr alle gode ting tre?

Den tredje boka om Wilma Lind: Ein uteliggar vert utsett for drapsforsøk rett framfor Stortinget rett før klokka slår 12 på nyttårsafta. Like etter forsvinn ei trafikkskadd kvinne frå observasjonsposten ho ligg på, og vert seinare funnen på obduksjonssalen. Død, og med hjertet operert ut. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du tenker at denne gongen sit det for Wilma Lind. 

(2016)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/09/2022 tommar heimlause, norge, oslo, politi, rohde, sjukehus

 

Stefan Ahnhem – ATTEN GRADER MINUS

atttengraderminusDøde menn køyrer bil

Ein bil køyrer utfor kaia i Helsingborg, etter ei vill biljakt. Når dei får bilen opp av vatnet, viser det seg at føraren er død, men ikkje nok med det; han har vore død i fleire månader. 

Samtidig vert ein heimlaus mishandla til døde i Helsingør, og vegane til Dunja Hougaard på den danske sida av sundet og Fabian Risk, vert kryssa igjen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Wallander på TV, og tenker at han som har skrive manuset der også kan skrive gode krimbøker.

(2016)

Les meir

 

Roslund & Hellström – JENTA UNDER BYEN

jentaunderbyenMenneskejakt under gata

Ewert Grens og kollegene finn ei død kvinne i ein gang under eit sjukehus i Stockholm. Det er ingen som anar korleis liket har hamna der, og jakta fører teamet ned i byens underverden, i gangane der dei heimlause held til.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historier om dei ukjende delane av samfunnet.

(2007)

Les meir