RSS

Kategoriarkiv: herregård

Ann-Christin Gjersøe – JERNJOMFRUEN

jernjomfruenTidvis spennande, men…

Aller fyrst, ei krimbok om ein journalist med draumar om å verte forfattar, som snublar over ei krimgåte, er eit såpass godt brukt utgangspunkt at forfattaren kanskje allereie her legg lista for originalitet litt for høgt for seg.

Her er det mykje som skal gapast over. Ei kvinne forsvinn i Tønsberg i 1981, og dukkar aldri opp att. Ein nabogutt er lenge mistenkt, men vert aldri dømt, anna av kanskje naboane. 30 år seinare forsvinn fyrst ein forfattar som skriv utleverande om eit lukka sekt-miljø, og deretter ei kvinne til. Journalisten Ida ser på dei to nyaste sakene, og finn tråder som går tilbake til beslaglagte jødiske eigendelar frå krigen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim med mange lause trådar som forhåpentligvis skal samlast. 

(2014)

Les meir

Reklame
 

Agatha Christie – THE SEVEN DIAL MYSTERY

sevendialsmysteryAltfor komplisert på Chimneys

Me er tilbake på Chimneys, der eigaren Lord Caterham har leigd ut herregården til eit ektepar som underheld gjestar der. Ein av gjestane, Gerry Wade, er kjend for å forsove seg, og dei andre bestemmer seg for å spele han eit puss. Dei plasserer 8 vekkerklokker på rommet, alle innstilt på forskjellig tidspunkt. Men neste morgon finn dei Wade død.

Etter at Caterham og dottera, Lady Eileen «Bundle» har flytta tilbake, er ho på veg til London i bil, då ein mann hoppar fram for bilen hennar, og døyr. Før han døyr seier han noko om «seven dials» (urskiver), og nemner namnet til Jimmy Thesiger, ein av dei som var på godset då Wade døde. Det viser seg at mannen er Ronny Deveraux, også han ein av gjestane, og det viser seg at det ikkje var kollisjonen som tok livet av han, men at han vart skoten. Det viser seg at Seven Dials er ein klubb, og at det der er 7 medlemmer som kler seg ut med urskiver, og at Bundle har rota seg langt inn i denne suppa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Agatha Christie, men er litt lei av Miss Marple og Poirot?

(1929)

Les meir

 
 

Maria Lang – KVINNEKLUBBEN

kvinneklubbenUro i Kvinneklubben

Ei forening for vellukka yrkeskvinner samlast på Blacksta gård, der dei skal hylle seg sjølv og legge planane for vidare suksess i arbeidslivet. Men dessverre vert ei av deltakarane funnet drept på rommet sitt, og Christer Wijk, som allereie har sambuaren Camilla Martin på garden, kjem inn for å finne ut kven av dei andre som er drapskvinna.

Dette er bok nr 13 i serien om Christer Wijk (og Puck Bure, som ikkje er med her)

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den lette blandinga av drap og kos, som Maria Lang står for. 

(1961)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/08/2022 tommar 60-talet, herregård, lang, politi, sverige

 

Stein Ståle – COCKTAILMYSTERIET

cocktailmysterietYellow Death

Den velståande Jack Eker held nyttårsselskap for familie og venner, og byr på sin spesialdrink, Yellow Death. Utover kvelden gjer han seg til uvenn med fleire som er samla der. Dagen etter fell Eker død om, og morderen er mest truleg ein av dei som er samla på Fjellstad. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du foretrekk gamle klassikarar, og ikkje er så nøye på at det ikkje er 2021-tempo. 

(1941)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/03/2021 tommar gift, herregård, norge, selskap/fest, ståle

 

Agatha Christie – MISS MARPLES SISTE SAK

missmarplessistesakDet siste mysteriet til Miss Marple.

Eit ungt par flyttar tilbake til England, frå New Zealand, og kjøper seg hus. Huset virkar veldig kjent for Gwenda Reed, og etter kvart viser det seg at ho må ha budd her tidlegare i livet. Stadig fleire minner dukker opp, blant anna minnet av å ha sett ei kvinne ved namn Helen verte kvalt i gangen i huset.

PS: Boka vart gitt ut i 1976, etter at Agatha Christie var død, men ho skreiv både denne, og den siste Poirot-boka, rundt 1940, og hadde manusa liggande for å verte utgitt etter sin død.

(1976)

Les meir

 

Max Mauser – NATTEN TIL FANDENS GEBURTSDAG

nattentilfandensgDen fyrste nyutgivelsen av Max Mauser sine krimbøker. (Ei ny bok er no ute)

Bak pseudonymet Max Mauser skjuler nazisympatisøren Jonas Lie seg, og hans stilling i regjeringa til Quisling gjorde at bøkene hans, av mange rekna som nokre av dei beste norske krimbøkene nokon gong, forsvann frå bokhyllene.

Handlinga går føre seg på herregarden Bjørneby, der eit gammalt sagn vert vekt til liv, når det fyrste av tre vonde varsel dukkar opp: Eit hestehovud på ein staur. Deretter dukkar dei andre to opp etter kvart. Og det er majoren, Winterfeldt, som står i sentrum for truslane.

Historia vert fortalt gjennom notatane til den unge huslæraren Nagell.

(1934)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 19/04/2014 tommar 30-talet, herregård, lege, mauser, norge, politi, sagn

 

Daphne Du Maurier – REBECCA

rebeccaDu Maurier sin klassiske thriller kjem nok ikkje under krimkategorien, men den 76 år gamle boka er framleis spennande lesing.

Ei ung kvinne som er i Monte Carlo som ei slags selskapspike for den rike amerikanske fru Van Hopper, når ho møter den ferske enkemannen Maxim de Winter. I all hast giftar dei to seg, og reiser tilbake til den myteomspunne heimstaden hans, Manderley.

Men alle draumane og glamouren som den unge kvinna knyter til herregården, vert overskygga av minna om den forrige kona, Rebecca. Mrs Danvers, som styrer tenarane, legg den nye kona umiddelbart for hat, og uhyggen bygger seg opp heile vegen.

Ei spennande bok, som kanskje startar litt tamt, men som vert betre og betre. Og når du har lest den ut, og stussar på det som kanskje er ein av dei mest omtala sluttane i bokhistoria, så vert du nøydd til å gå inn og lese dei fyrste kapitla ein gong til.

(1938)

 

Agatha Christie – DOKTOREN MISTER EN PASIENT

doktorenmisterDenne boka har fleire gonger vorte kåra til verdas beste krimbok, og vart i 1990 kåra til tidenes femte beste krimbok, av britiske Crime Writer´s Association.

Rikmannen Roger Ackroyd vert drepen på sitt eige kontor, på godset Fernly, berre kort tid etter at enka Mrs. Ferrars tek sitt eige liv. Begge er pasientar til doktor Sheppard, som er den som fortel historia i denne boka, i staden for kaptein Hastings.

Den nye naboen til doktor Sheppard, er den nyinnflytta detektiven, Hercule Poirot, som sjølvsagt vert tilkalla av Ackroyd si dotter, Flora. Ho er forlova med den forsvunne Ralph Paton, som siglar opp som hovudmistenkt.

Og sjølvsagt bruker Poirot dei små grå, og ser tinga som ingen annen ser.

(1926)

Les meir

 
3 kommentarar

Posta av den 30/08/2013 tommar 20-talet, christie, detektiv, england, herregård, poirot

 

P.D. James – DEN SISTE PASIENTEN

densistepasientenEin gravande journalist vert drept under eit opphald på ein kirurgisk privatklinikk.

Det begrensa antallet med ansatte har alle gode motiv til å ta livet av henne, men etterforskar Adam Dalgliesh kan heller ikkje utelukke at nokon har kome seg inn på herregården utanfrå.

Eit slags semi-lukka-rom-mysterium.

(2008)

Les meir