RSS

Kategoriarkiv: hevn

S.J. Bolton – ALBATROSS

AlbatrossHard feelings på Falklandsøyene

Me er på Falklandsøyane på 90-talet. Catrin Quinn har mista begge borna sine i ei ulukke. Ho legg alle skuld på den tidlegare bestevenninna Rachel, som skulle ha ansvaret for dei. No er det snart årsdag for ulukka, og Catrin har planlagt si hevn: Ho skal ta livet av Rachel.

Men det skjer ting på dei isolerte øyene, som kan stikke kjeppar i hjula for planen. Blant anna har det forsvunne ein ung gut, ikkje heilt ulik dei døde søkene til Catrin, i året, dei siste tre åra.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for dei gode historiene til Bolton. 

(2015)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/01/2023 tommar barn, bolton, falklandsøyene, hevn

 

Agatha Christie – OG DERMED VAR DET INGEN

dermedvardetingenDen største av dei alle?

Kanskje? I alle fall ein av dei heilt store Agatha Christie-klassikarane, og i følge wikipedia den mest solgte krimboka nokon gong. 

Åtte personar kjem til ei øy utanfor kysten av Devon, og alle har vorte personlig invitert hit av ein person dei ikkje er heilt sikre på kven er; Ulick Norman Owen og Una Nancy Owen. På øya vert dei tekne i mot av butleren og husholdersken, som fortel at verten og vertinna ennå ikkje har dukka opp. På romma til kvar enkelt heng eit gammalt barnerim, og når alle er samla etter middag, spelar ein grammofon av ei plate, der kvar av dei åtte, samt hushaldersken og kokken, vert beskulda for på eit eller anna tidspunkt å ha drept nokon. Så fell ein av dei om død, etter å ha drikke ein drink der det er spor av cyanid. Så er me i gong. 

På grunn av den rasistiske originaltittelen (1939), og den ikkje så mykje bedre andretittelen (1964), så har boka måtte skifte namn to gonger i Storbritannia, og heiter i dag «And then there where none.» I USA var dei derimot litt meir framsynte, og ga boka det namnet ved fyrste utgivelse, allereie i 1940, medan dei i England venta med dette til 1985.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på kvifor akkurat denne står ut som ein bauta i krimlitteraturen.

(1939)

Les meir

 

Jussi Adler-Olsen – NATRIUMKLORID

Hevnens danske engel

Etter at ei kvinne tek livet av seg, vert Carl Mørck og Avdeling Q kontakta av sjefen sin, Marcus Jacobsen, som 32 år tidlegare jobba med ein eksplosjon som tok livet av barnet til kvinna. Jacobsen har aldri kunne slå seg til ro med at dei ikkje fann ut kva som skjedde den gongen.

Avdeling Q kikar nærare på saka, og finn ut at det vart funne salt på åstaden, noko som også dukkar opp i ei anna uoppklart sak, eit drap. Kan det ha ein samanheng?   

Samstundes er ei gruppe kvinner ute for å straffe folk som gjer tilsynelatande enkle små feil i det daglige livet.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og dei stadig meir overdrivne plotta til Adler-Olsen.

(2021)

Les meir

 

Sjöwall & Wahlöö – MANNEN PÅ TAKET

mannenpåtaketEin meir «moderne» Beck

Kommisar Stig Nyman var aldri verken noko god politimann, eller ein godt likt. Snarare tvert i mot, han var ein av dei mest hata personane i politikorpset i Stockholm. No er han drept, nærast delt i to, i sjukehussenga han låg i. Så det er ikkje mangel på mistenkte. 

Det endar i ei jakt på ein namngitt mistenkt, og det vert tøft for fleire. Dette er kanskje boka der Gunnvald Larsson verkeleg står fram som den råtassen han er i TV-serien. 

Dette er den sjuande boka om Beck. Her er dei seks foregåande:
1. Roseanna
2. Mannen som gikk opp i røyk
3. Mannen på balkongen
4. Døden tar buss
5. Brannbilen som forsvant
6. Snut, snut, kaffegrut

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis Gunnvald Larsson er når han går i Rambo-modus.

(1971)

Les meir

 

Sven Petter Næss – DEN STILLE UKE

denstilleukeProfet i eigen småby

Sonen til småbydirektøren vert drept, og Kriposetterforskar Harinder Singh vender tilbake til heimstaden han ikkje kunne forlate raskt nok. Ei ung jente i kretsen rundt den drepne, forsvann for ei tid tilbake, og det kan virke som alle byen har noko dei prøver å dekke over.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som røskar opp i småbyhemmeligheiter.

(2019)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/04/2022 tommar forsvinning, hevn, kripos, landsbygda, næss, norge, politi

 

Heine Bakkeid – ST. AVENGER

st.avengerDen søte hevn?

Tidlegare etterforskar Thorkild Aske nøstar i fortida her, når det som truleg er politimannen Simon Bergland vert funnen død på Solastranda. Bergland var kjærasten til ei kvinne som omkom i ei bilulukke, som Aske fekk skulda for, og som gjorde at han mista jobben i Spesialeinheita,  og som førte Aske inn i ein mørk og dyster nedadgåande spiral. Sjølv om han er den minst ønska mannen i Stavanger, så må Aske likevel tilbake for å få klarheit i kva som skjedde den gongen, og få si hevn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje lar sjansen til å lese fjorårets vinnar av Riverton-prisen gå frå deg.

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/04/2022 tommar bakkeid, hevn, politi, stavanger, uløyste saker

 

Pierre Lemaitre – BRUDEKJOLEN

brudekjolenAlle historier har to sider

Den unge Sophie har alt ho kan drøyme om. Draumemannen, ein jobb folk flest kan sjå langt etter, flott leiligheit og ei baby i magen. Men stadig oftare får ho ei kjensle av å gløyme ting, ikkje huske kvar ho har lagt frå seg noko, kvar ho har parkert, og ho har blackouts. Litt etter litt, mister ho det perfekte livet, bit for bit. Det heile toppar seg når ho vaknar og finn guten som ho er dagmamma for, død. Ho huskar ingenting, og må berre kome seg vekk. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for psykologiske hevnthrillerar.

(2009)

Les meir

 

Jørgen Brekke – ANDRE GUDER

andreguderNoko anna frå Brekke

Jonny er kanskje så langt frå nokon kirkegjengar som ein kan kome, men når Linda frå ungdomstida kjem tilbake, og ber han me i menigheita si, vert han motvillig med. Ho har eit nært forhold til den karismatiske leiaren Isaksen, Jonny er sjalu, og det går som det må gå.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mystikk i religiøse miljø. 

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/07/2021 tommar brekke, hevn, norge, religion

 

Jørgen Brekke – AVGRUNNSBLIKK

avgrunnsblikkBlodfattig Singsaker

I denne boka er Odd Singsaker og Felicia veldig lite med, og det merkast. Men dei set i gong begivenheitene, når dei har booka seg inn på ei avsidesliggande hytte, dit dei må køyrast med scooter, og i det scooteren har forlete dei, og er utanfor rekkevidde, oppdagar dei ei død kvinne som heng frå takbjelkane. Historia tek oss inn i ei verd av wiccahekser, fosterheimar og hevn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for uryddige historier og wiccakunst.

(2017)

Les meir

 
 

Øistein Borge – DEN SYVENDE DEMON

densyvendedemonHevnkunst

Etter å ha mista familien i ei tragisk bilulukke, vert etterforskar Bogart Bull plassert i ei avdeling som skal jobbe med nordmenn som vert utsett for kriminalitet i utlandet. Den fyrste saka sender han til Sør-Frankrike, der ein svært rik nordmann vert funnen drept i luksusvillaen sin. Huset er fullt av verdiar, men det einaste som har forsvunne, er eit stygt lite bilde, tilsynelatande utan særleg verdi. Etterforskinga peiker bakover i tid, der både den kjende kunstnaren Matisse, og vår eigen Munch, er involvert.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som knytter notid og fortid, og blandar inn element som omhandlar historiske personar.

(2016)

Les meir