RSS

Kategoriarkiv: higgins clark

Mary Higgins Clark – I´VE GOT YOU UNDER MY SKIN

ivegotyouundermyskinLaurie Moran begins…

Dette er den fyrste boka om Laurie Moran, som ikkje har kome på norsk, og som heller ikkje er skrive saman med medforfattar Burke, så vidt eg kan sjå. Mannen til Laurie er drept, og mordaren, som har trua både henne og sonen Timmy, er framleis på frifot. Laurie jobbar med sin fyrste true crime her, om sosietetskvinna Betsy Powell, som vart funnen drept 20 år tidlegare, same kveld som ho arrangerer eksamensfest for dottera og venninnene. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du bøkene om Laurie Moran, og vil vite korleis det starta. 

(2014)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/08/2022 tommar higgins clark, tv, uløyste saker, usa

 

Mary Higgins Clark & Alafair Burke – BRUDEN SOM FORSVANT

brudensomforsvantBrura blei lura?

Ny sak for Laurie Moran og Alex Buckley i «Under mistanke». Denne gongen er det Amanda Pierce som forsvinn rett før bryllupet sitt. Ho skal gifte seg med kjærasten frå studietida, etter å ha kjempa seg gjennom ei tøff sjukdomsperiode. Ho har også skrive over ei arv på han, rett før bryllaupet. Seinare har den forlatte brudgommen Jeff gifta seg på nytt, med Megan, bestevenninna til Amanda. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du leste den fyrste og likte den, og vil ha meir i samme gate. 

(2015)

Les meir

 

Mary Higgins Clark & Alafair Burke – ASKEPOTTMORDET

askepottmordetÅstad USA

«Under mistanke» er eit suksessprogram som tek for seg gamle uløyste drapssaker, og i si fyrste episode klarte å løyse ei gammal sak. Forventingane er derfor store når programskapar Laurie Moran og teamet no skal grave seg ned i saka der den unge studenten og skodespelar-spiren Susan Dempsey vart drept i LA. Fleire prominente folk var involverte i etterforskinga den gongen, og «Under mistanke» håper å få alle med i programmet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intrikate amerikanske plott, fortalt på ein enkel måte. 

(2014)

Les meir

 

Mary Higgins Clark – VI MØTES IGJEN

Å reinvaske noko ein ikkje huskar

Molly Carpenter Lasch vert dømt for drapet på mannen, legen Gary Lasch, i heimen deira. Sjølv huskar ho ingenting, anna enn at ho vart vekt i senga si. Ho meiner ho kom heim, fann mannen drept, og besvimte på soverommet. Juryen trur henne ikkje.

Fem år seinare vert ho løysleten, og vil finne ut kven som eigentleg stod bak. Ikkje lenge etter vert elskerinna til dr. Gary Lasch drept, og alt tyder på at det er Molly som har drept igjen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar familiedrama, hevnhistorie og fordekte hemmeligheiter.

(2013)

Les meir