RSS

Kategoriarkiv: historiske dokument

Glenn Cooper – BIBLIOTEKETS VOKTERE

biblioteketsvoktereDen tredje boka om biblioteket i Vectis-klosteret.

Dette er jo strengt tatt ikkje så mykje ein krim, som ein thriller, men men. Tidlegare FBI-agent Will Piper lever late dagar i Florida, fleire år etter dommedagssaka. Men så byrjar det å dukke opp nye postkort, med dødsdatoen til mottakaren på, og Piper vert motvillig dregen inn i saka på nytt.

(2012)

Les meir

Reklame
 
 

Ole Clifford – DET 11.BUD

Dansk fartsfylt krim i Da Vinci-kode-gata. Men litt mykje fart og litt lite truverdigheit, dessverre.

Under ei utgraving i Napoli vert det funne ein gjenstand som arkeologane ikkje heilt skjønar kva er. Men før dei får tid til å finne ut av det, forsvinn den, og havnar i hendene på ekstentriske samlarar. Det viser seg etter kvart at det er noko inne i gjenstanden, som er meir verdt enn innpakninga.

Våre hovudpersonar er dei to arkeologane Giancarlo Vincenti og Christina Nielson. (skrivemåten variere veldig i ei litt rotete oversetjing). I tillegg er det eit hav av andre sentrale karakterar, som kjem eller går.

Til tider spennande, men det er litt lite substans i spenninga, og det vert brukt for lite tid på å setje oss inn i kva og kvifor.

(2004)

Les meir

 

Jørgen Brekke – DRØMMELØS

Høgt nivå i Trøndelag

Så var me tilbake på riktig spor igjen. Den andre boka til Jørgen Brekke, om politimannen Odd Singsaker i Trondheim.

Ei ung jente vert funnen død i snøen. På magen har ho ein speledåse med ei ukjend vuggevise, og nokon har fjerna strupa hennar.

Nyopererte Singsaker vert sentral i å nøste opp saka.

Parallellt går ei historie om Trondheim for nokre hundre år sidan, der ein svensk trubadur vart funnen drepen i fjøresteinane.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du lot deg imponere av den fyrste Brekke-boka, og vil ha meir.

Kjøp boka på nett.

(2012)

Les meir

 
 

Rune Timberlid – SANCT SVITHUNS GÅTE

På kysten ved Stad, vert politimannen Rolf Randen utplassert for å sjå etter terroristar, etter auka terrorfare i Oslo og resten av landet.

Sjølv om oppsparket virkar litt usannsynleg, så er resten av boka spennande. Eigaren av det lokale oppdrettsanlegget driv nemleg med noko snusk, medan den aldrande kvinna som driv surfecampen får ubodne gjestar, som virkar å vere interesserte i ting etter far hennar, som var ein russisk fysikar som vart drepen under krigen.

I tillegg dukkar det opp historier om ein skatt frå den spanske armadaen.

(2011)

Les meir

 

Glenn Cooper – SJELENES BOK

Bok nummer to om den tidlegare FBI-agenten Will Piper. Dommedagssaka er avslutta, men Piper vert oppsøkt av to menn som gjerne vil han skal reise til London for å kjøpe ei bok på auksjon. Boka er den som manglar i Dommedagspuslespelet, og forklarar kvifor «De dødes bibliotek» slutta i 2027.

Men det er fleire som er interesserte i boka, og det tek ikkje lang tid før sirkuset er i gong.

(2010)

Les meir

 
 

Glenn Cooper – DE DØDES BIBLIOTEK

Den 7. juli i år 777 vert den sjuande sonen av den sjuande sonen fødd på Isle of Wight. Det er både segn og forventingar knytt til datoen, og eit barn fødd på denne datoen er ikkje nødvendigvis godt nytt.

Ein seriemordar er laus i New York. Etter fleire drap, finn politiet ut at alle dei drepte har motteke eit postkort, der berre ei strekteikning av ei kiste på, og datoen dei vert drepne står skriven på. Det er alt. Utover det har offera tilsynelatande ingen tilknytning til kvarandre.

FBI-agenten Will Piper er nokre få måneder frå pensjonen sin, og vil helst ikkje ha så mykje å gjere no. Likevel får han denne høgprofilerte saka, med Dommedagsmordaren.

Eg må innrømme at eg byrja på Sjelenes Bok, av same forfattar, men det viste seg at det var så mange referransar til De dødes bibliotek i den boka, at etter 50 sider måtte eg kaste inn handkledet og kjøpe den, så den kunne verte lest fyrst. Men dessverre leste eg så langt i den andre boka at eg både visste omtrent kva plottet i denne boka var, og kven mordaren var…

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 08/10/2011 tommar cooper, fbi, historiske dokument, new york, politi, usa

 

A.J. Kazinski – DEN SISTE GODE MANN

Boka er skriven av to danskar, under pseudonymet AJ Kazinski, og tek utangspunkt i at det rundt om i verda til ei kvar tid finst 36 gode personar.

I Venezia har politimannen Tommaso di Barbara byrja nøste opp i trådane, og er på sporet av ein samanheng, etter at «gode» folk har vorte drepne over heile kloda. Han meiner det er ein samanheng i drapa, som i utgangspunktet virkar tilfeldige. For i tillegg til at alle dei drepne vert sett på som gode, så har dei også eit brennemerke, eller ei tatovering mellom skulderblada.

Han sender ut ein beskjed vi Interpol, og åtvarar om at det no sannsynlegvis berre er igjen to av disse 36 gode, og at neste drap kan skje i København.

I København er det politimannen Niels Bentzon og astrofysikar Hannah Lund som skal finne og advare det potensielle offeret, men kven er det som vert rekna som det mest gode mennesket i København?

(2010)

Les meir

 

Jan Wallentin – STRINDBERGS STJERNE

Ein gong på slutten av 1800-talet reiste tre svenske polforskarar mot Nordpolen, med ein last ingen kjende til. Men dei kom aldri tilbake. Så dukkar det opp eit lik i ei gruve i Sverige, ei gruve der det ikkje har vore folk på mange år, på grunn av at den er fylt med vatn. Og i handa held liket ei stjerne, oppkalla etter ein av polfararane; Stringbergs stjerne.

Det viser seg at det finst to artifaktar, og i tillegg til denne stjerna, finst det også eit kors. Og kjem dei to saman, vert verdas best skjulte hemmeligheit avslørt.

Historikaren Don Titleman dukkar opp, og er mannen som skal finne og foreine dei to.

(2010)

Les meir

 
 

Jørgen Brekke – NÅDENS OMKRETS

Særs imponerande nykomar

Eit flådd lik dukkar opp på Edgar Allan Poe-museet i Virginia, USA. Nesten samstundes vert ein person drept på identisk måte i eit bokhvelv i Trondheim. Trondheimspolitimannen Odd Singsaker må samarbeide med den amerikanske etterforskaren Felicia Stone, for å samle trådane i dei to sakene.

På 1500-talet reiser ein munk nordover til Norge, og gjer eit kort stopp i Bergen før han reiser vidare nordover. I bagasjen har han eit spesielt skinn, og ein haug med knivar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er interessert i å lese kanskje den mest spennande krim-nykomaren sidan Nesbø.

(2011)

Les meir

 
 

Tom Egeland – LUCIFERS EVANGELIUM

Den tredje boka om albinoarkeologen Bjørn Beltø.

Denne gongen er Beltø med på å smugle eit manuskript som er funne i hendene på ein mumie. Han leverer det på Island, der han kjenner skriftekspertar som kan hjelpe han med å finne ut av manuskriptet.

Men sjølvsagt er det andre som vil ha tak i det verdifulle dokumentet, som skal vere evangeliet til fanden sjølv.

I kjend stil går det i høgt tempo rundt om i Europa, og me er sjølvsagt innom Roma, men også i Amsterdam, der Beltø får hjelp av ei stum kvinne.

Det er biljakter, kidnappingar, rituelle drap, og alt du kjenner frå dei forrige to bøkene om Beltø. Som også er boka sin absolutte akilleshæl.

(2009)

Les meir