RSS

Kategoriarkiv: hjelpearbeidar

Lene Kaaberbøl & Agnete Friis – ET STILLE, UMERKELIG DRAP

Den andre boka til desse to, om Nina Borg, etter Gutten i kofferten.

Av ein eller annan grunn byrja eg på denne i vår ein gong, men la den frå meg etter eit par kapittel. Det dukka vel opp ei meir interessant ei…

Men boka er ok den. To unge rom-gutar i Ungarn finn noko verdifullt på eit nedlagt russisk sjukehus. I Danmark vert ei gruppe romfolk alvorleg sjuke, og Nina Borg må ta seg av dei.

(2010)

Les meir

Advertisements
 

Lene Kaaberbøl & Agnete Friis – GUTTEN I KOFFERTEN

Røde Kors-arbeidaren Nina Borg er oppteka av å redde verda. Når ho får beskjed om å hente ein koffert på ein jernbanestasjon i København, og finn ein liten gut i kofferten, er historia i gong.

Borg må finne ut kven guten er, og parallelt fylgjer me ei historie i Litauen, der ein liten gut forsvinn, og me fylgjer mora si jakt etter guten, og håpet om at det er faren i Tyskland som har henta han.

Ein annaleis og noko fartsfylt krim, som er overraskande bra.

(2008)

Les meir