«Debuten» til Samuel Bjørk, som er eit pseudonym ingen førebels har klart å finne ut av. Men det er vel truleg at dette er ein forfattar (eller min personlege teori; forfattarar) som har skrive bøker før.
Ei seks år gammal jente vert funnen hengande død i eit tre. Med ransel på ryggen, og eit «jeg reiser alene»-skilt rundt halsen. Og ikkje lenge etter, vert ei ny jente funnen på same måte.
Holger Munch, som er utstasjonert på Hønefoss, vert henta tilbake til Oslo for å løyse saka. Saman med seg har han Mia Krüger, som har trukke seg tilbake til ei øy i Nord-Norge, utan andre ønsker enn å ta sitt eige liv.
Ein til tider svært spennande krim, der sidene flyg avgarde, men dessverre skortar det både på særpreg og slutt.
(2013)