RSS

Kategoriarkiv: horowitz

Anthony Horowitz – SILKEHUSET

silkehusetEi autorisert og godkjend ny bok om Sherlock Holmes. Det seiast at dette er fyrste gong at Arthur Conan Doyle-stiftinga gir løyve til ei ny bok om Holmes, sjølv om eg tidlegare (2006) her har omtala Caleb Carr si bok, The Italian Secretary.

Denne gongen kjem ein kunsthandlar innom Holmes, medan Watson, som no er gift, er på besøk. Kunsthandlaren er plaga av ein mann som står i hagen hans, og er redd dette er resultatet av noko han rota seg bort i under eit besøk i Amerika.

Medan Holmes og Watson undersøker dette, snublar dei over eit drap, og ei meir omfattande sak rullast opp. Ei sak som ser ut til å heilt til høgste hald.

Dette er nesten som å lese Conan Doyle sjølv, anno 2012.

(2011)

Les meir

Reklame
 
2 kommentarar

Posta av den 31/12/2012 tommar detektiv, england, horowitz, london, sherlock holmes