RSS

Kategoriarkiv: hotell

Agatha Christie – LIKET I BIBLIOTEKET

PrintMiss Marple si tredje sak

Eit vennepar av Miss Marple finn liket av ei ung jente i biblioteket sitt. Ingen veit kven ho er, før ein hotellgjest melder ei ung jente sakna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi gamle, koselige damer som løyser drapsgåten er din kopp te.

(1942)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 30/06/2022 tommar christie, hotell, miss marple, politi

 

Stein Riverton – DØDEN TAR INN PÅ HOTELLET

Klassisk hotellmysterium

Hotellkrim frå tida før det vart parodisk. I 1921 var det sikkert ingen som rynka på bryna av at krimplottet vart lagt til eit herskapeleg hotell langt inne i skogen, med eit kobbel av internasjonale gjestar, mens me i dag føler me har sett det 1000 gonger.

Men, om boka: I følge wikipedia, den 92. av dei 116 bøkene til Riverton (Sven Elvestad).

Tidleg på sommaren kjem det ein buss med nye gjestar til det flotte Grand Hotel Excelsior, langt inne i det aude Norge. Utanlandske gjestar, kjende gjestar og mystiske gjestar. Så byrjar dei uhyggelege, mystiske tinga å skje, og det er berre eit tidsspørsmål før me får det fyrste drapet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gamle, klassiske krimhistoriene som får deg til å kjenne lukta av piperøyk, og høyre lyden av tweedjakke mot Chesterfieldsofa. 

(1921)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/09/2020 tommar 20-talet, asbjørn krag, hotell, riverton, skog

 

Agatha Christie – MYSTERIUM I VESTINDIA

mysterieivestindiaMiss Marple er på ferie i Vestindia for å slappe av, men sjølvsagt er det ikkje fred å få der den gamle kvinna ferdast.

Ein gammal skravlete major vert drepen, og kvelden i forvegen er Miss Marple tilhøyrar når han fortel om ein drapsmann som har drepe to kvinner. Han skal til å vise fram bilete av mannen, som han har på innerlomma, då han plutseleg ser noko som får han til å avslutte forteljinga, og legge vekk fotografiet. Miss Marple får ikkje med seg kva han ser, men anar sjølvsagt at forteljinga kan vere grunnen til at han vert drepen.

(1964)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/08/2015 tommar christie, hotell, karibia, miss marple

 

Ian Rankin – THE BLACK BOOK

blackbookEin mann vert slått ned utanfor ei slaktarforretning i Edinburgh. Seinare vert politimannen Brian Holmes slått ned utanfor ein kafé.

John Rebus byrjar grave i ei gammal sak, og Siobhan Clarke jobbar med ei overvaking av eit taxikontor.

Etter kvart vert dei fire sakene meir og meir knytt til kvarandre, og knutepunktet viser seg å vere storskurken Big Ger Rafferty.

(1993)

Les meir

 
 

Johan Theorin – GRAVRØYS

gravrøysDen fjerde og siste boka i Ölandskvartetten.

Denne gongen handlar det om den velståande familien Kloss, som har ein resort på øya. Denne sommaren får dei besøk av eit gammalt spøkelse.

For gamle Gerlof Davidsson som no bur på eldresenteret på vinterstid, blir dette sannsynligvis den siste sommaren på hytta.

(2013)

Les meir

 
 

Anne Holt – 1222

Anne Holt skriv påskekrim på sitt aller beste frå fjellet på Finse.

Politibetjent Hanne Wilhelmsen er på veg til Bergen, då ein snøstorm gjer at toget sporar av på Finse, og lokføraren døyr. Dei nesten 300 passasjerane må innkvarterast på hotellet 1222.

Der vert ein mann myrda, ein kjendisprest, og Wilhelmsen må finne ut kven av dei andre passasjerane som har teke livet av han.

I tillegg går det rykter om at det var ei ekstra vogn på togsettet, muligens kongevogna, og i den øverste leiligheita på hotellet bor det nokon som har væpna vakter til å passe på seg.

Her får du verkeleg påskekjensla, i eit typisk lukka-rom-mysterie a la Poirot.

(2007)

Les meir