Heilt i norsktoppen
Gunder Joman er ungkar, og har knapt reist noko i heile sitt liv, då han får for seg å reise til India for å finne seg ei kone. Etter 14 dagar er han gift, og kona skal kome etter han tilbake til Norge. Men den dagen han skal hente henne, kjem systra hans ut for ei bilulykke, og hamnar i koma. Ein venn må hente henne, men han finn henne ikkje på flyplassen.
Dagen etter finn folk i den vesle bygda Elvestad eit svært skamfert lik i ein åker, og Konrad Sejer og Jakob Skarre vert sett på saka.
(2000)