RSS

Kategoriarkiv: erlendur

Arnaldur Indridason – GLEMT

Indridason på sitt beste

Ei tidleg Erlendur-historie, frå slutten av 70-talet. Ein lik vert funne i eit lite vatn utanfor Reykjavik, og spora fører rett til den amerikanske militærbasen.

Samstundes nøstar Erlendur opp i ei gammal sak, som også viser seg å ha tilknytning til eit tidlegare militærområde.

Dette er kanskje ei av dei tre beste bøkene om Erlendur Sveinsson.

(2014)

Les meir

Reklame
 
 

Arnaldur Indridason – REYKJAVIKNETTER

reykjaviknetterHer er me tilbake i starten av politikarrieren til Erlendur, og får eit innblikk i det rutineprega kvardagslivet hans. Men samstundes byrjar han interessere seg for ei sak der ein uteliggar, som han tidlegare har hatt litt med å gjere, vert funnen drukna i ei grøft.

(2012)

Les meir

 
 

Arnaldur Indridason – TVEKAMPEN

tvekampenNy bok frå den islandske mesteren.

Denne gongen er det ikkje Erlendur det handlar om, men sjefen hans, Marion Briem, og me er tilbake på 70-talet.

Året er 1972, og det er sjakk-VM i Reykjavik. Boris Spasski og Bobby Fischer kjempar om tittelen, det er aust mot vest, Sovjet mot USA. Og i skuggen av denne store hendinga, vert ein ung kinoentusiast stokken i hjel på ei kinoforestilling i Reykjavik. Og Marion Briem er mannen som skal løyse saka.

(2011)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 29/03/2013 tommar 70-talet, barn, erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – HJEMSTAVN

Erlendur er på heimtraktene, dit han stundom dreg. Han bur i den falleferdige rønna som står att av huset han vaks opp i, og er ofte oppe i heiene og leitar etter broren Bergur, som forsvann for mange år sidan.

Han møter ein revejeger, Boas, og dei kjem i snakk om ei anna forsvinningssak, om Matthildur, ei kvinne som forsvann i ein vinterstorm på 40-talet. Same natta kom 60 britiske soldatar ut for same snøstormen, på same staden, og mange av dei omkjem. Likevel finn dei alle soldatane, men ikkje Matthildur.

Erlendur byrjar prate med folk som kunne kjent Matthildur og mannen hennar, og litt etter litt dukkar det opp ting i forsvinninga som ikkje var kjende før. Alle veit litt om, men ingen har nokon gong snakka saman.

Mange spekulerer i om dette er siste bok om Erlendur, sidan han ikkje var med i den forrige, og ikkje har vore i Reykjavik på lenge. Men i fjor kom det ei ny bok ut på islandsk, som heiter noko slik som «duellen» på norsk, om sjakkampen mellom Spassky og Bobby Fischer i 1972. Og Marion Briem er i alle fall med i den boka.

Og godt er det, for denne serien finn knapt sin likemann nokon stad.

(2010)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – ANGER

Ein litt spesiell vri frå Indridason denne gongen. Erlendur er på ferie, og ikkje med i saka frå starten av. I staden er det Sigurdur Oli og Elinborg som er dei sentrale etterforskarane.

Det startar med at ein bekjent av Sigurdur Oli tek kontakt, og ber han om å hjelpe til med ei sak på privaten. Den gamle kompisen har vorte utsett for utpressing, etter at han og dama har vore med på eit partnerbytte. Det har vorte teke bilder, og kompisen vil at Sigurdur Oli tek ein prat med utpressaren. Då Sigurdur Oli motvillig kjem på døra til utpressarparet, vert han møtt av ein maskert mann med balltre, og inne i huset finn han jenta død.

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/03/2011 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – IRRGANGER

Den siste boka til Indridason.

Boka startar med at ein mann puttar Rohypnol i drinken til ei kvinne på ein utestad i Reykjavik. Deretter får han henne med heim, og det endar med drap. Elinborg vert kalla ut, men det er ikkje offeret som vert funne død morgonen etter, det er det angivelege gjerningsmannen, han som putta Rohypnol i drinken.

Ei spennande bok, akkurat slik me er vande til å få det frå Indridason. Det einaste spesielle er at Erlendur er på ferie, og dermed ikkje med i boka i det heile tatt. Eg trur ikkje eg har lese ei bok der hovudpersonen ikkje er med i det heile tatt, tidlegare.

Men Elinborg og Sigurdur Oli får det heile til å fungere, som om Erlendur nesten aldri hadde vore der.

(2008)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 30/03/2010 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – FJELLET

Ei ung kvinne tek livet av seg sjølv, ved å henge seg i sommarhuset sitt. Det ser ut som sjølvmord, men ei venninne av kvinna meiner ho aldri ville gjort noko slikt, og ber Erlendur sjekke det ut. Samstundes som han leiter etter årsaka til det som har skjedd, held han også i eit par andre forsvinningssaker, også det uoffisielt.

Broren til Erlendur som forsvann då dei var små, er ganske sentral i denne boka.

Etter Vinterbyen, som var ei litt utypisk Erlendur-bok, er me no tilbake i godt gammalt slag.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 01/05/2009 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – VINTERBYEN

Den foreløpig siste boka i serien om Erlendur.

Denne gongen tek historia ei ny vending, då ein ung thailandsk gut vert drepen i Reykjavik. Erlendur og teamet rundvender på eit thailands miljø i Reykjavik, på jakt etter sanninga.

Ein av kjennemerka til Indridason har vore blandinga mellom forhistorie og notid, men den er ikke med i denne boka, og dette er utvilsomt den svakaste av bøkene som er utgitte på norsk, men likevel ei bra krimbok.

(2005)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/03/2008 tommar barn, erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – VANNET

Den hitttil fjerde boka på norsk.

Eit lik vert funne i eit inntørka vatn utanfor Reykjavik, og ved sidan av finn dei russisk spionutstyr. Igjen vert fortid og notid blanda, men kanskje ikkje med like stort hell som i Gravstille.

Samtidig er det ei sak som handlar om ein islandsk student i Aust-Tyskland ein gong på 60-talet.

Ei lettlest og veldig bra bok.

(2004)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 03/04/2007 tommar erlendur, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – VOICES

Voices, eller Røsten på norsk, er den tredje boka som har vorte oversett til norsk. No kjøpte eg den i Skottland før den kom ut i Norge, så det vart på engelsk. Og det angra eg på, for oversettelsen var elendig. Barneskuleengelsk. Sjølv om boka var spennande, så drog den elendige oversetjinga ned.

Ein julenisse vert funnen død, med buksa på knea, i kjellaren på eit av dei største hotella i Reykjavik. Det viser seg at han er tidlegare barnestjerne, med ei røyst utanom det vanlege.

(2002)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 20/02/2007 tommar erlendur, indridason, island, jul, politi, reykjavik, vinter