RSS

Kategoriarkiv: island

Arnaldur Indridason – DEN TAUSE MOREN

dentausemorenEi islandsk tragedie

Ei eldre kvinne vert funnen død i leiligheita si. Politiet finn telefonnummeret til Konrad på staden, og det viser seg at kvinna har prøvd å få tak i Konrad, for at han skulle finne eit barn ho måtte gi frå seg ved fødselen. Konrad takka nei, men angrar no, og tek på seg saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har fått smaken på Konrad, den pensjonerte politimannen. 

(2019)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/10/2022 tommar barn, indridason, island, politi, reykjavik

 

Arnaldur Indridason – JENTA VED BROEN

jentavedbroenEin god Konrad-krim

Den andre boka om Konrad, ein pensjonert islandsk politimann. Denne gongen er det eit eldre ektepar som tek kontakt, fordi dei er bekymra for barnebarnet Danni, som har forsvunne, etter å ha rota seg bort i narkotikasmugling.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du anerkjenner Indridason som ein av verdas beste krimforfattarar. 

(2018)

Les meir

 

Arni Thorarinsson – DEN SJUENDE SØNNEN

densjuendesønnenUtkantkrim frå Island

Journalisten Einar er i Isafjördur, langt vest og avsidesliggande, sjølv til Island å vere. Han skal eigentleg skrive ei sak om den hanglande økonomien i utkantane, men så skjer ting fort. Eit verneverdig hus brenn ned, Einar og eigaren av huset vert nesten køyrt ned av stolen bobil under eit intervju, og to personar forsvinn, den eine av dei ei tidlegare fotballspelar som har hatt suksess i utlandet. Einar legg distrikstøkonomien til sides, for å nøste i hop trådane.

NB: Styr unna lydboka. Innlesaren gir kvar karakter eigne stemmer, noko som får det til å høyres ut som ei episode av Postmann Pat til tider.

Dette er den sjette boka om Einar «bladamann», som han heiter på islandsk wikipedia.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt askegrå teppet som ligg over islandsk bygdekrim.

(2008)

Les meir

 

Heine Bakkeid – VI SKAL IKKE VÅKNE

viskalikkevåkneFedrenes synder

Thorkild Aske tek med seg systra Liz til Island, der faren deira, ein islandsk miljøkrigar med uhelbredelig kreft, no har vorte arrestert for drap. Motvillig byrjar Aske å grave i saka, som viser seg å ha forgreiningar tilbake til den periode mor deira flytta frå faren, og tok meg seg ungane heim til Norge. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du syns komboen nordisk noir, island og saker med utspring i gamle dager, er uslåeleg.

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/03/2022 tommar bakkeid, island, miljøvern, politi

 

Ragnar Jonasson – ØYA

øyaDrap i islandsk idyll

I 1987 vert ei ung kvinne funnen drept på hytta. Saka smadrar ei heil familie. Ti år fram i tid samlar dei fire næraste vennane til den drepte seg på den idylliske øya Ellidaey (google den, du har heilt sikkert sett bilda). Men ein av dei fire overlever ikkje turen, og politiet meiner det er drap.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mørket og mystikken i islandsk krim.

(2016)

Les meir

 
 

Yrsa Sigurdardottir – DUKKEN

dukkenSkumlare på utsida enn inni

Den unge jenta Rosa og mora, er ute i båt saman med fiskaren Fridrik. Då dei dreg opp garnet, finn dei ei gammal dokke, dekt av rur, blant fangsten. Mora synes den ser ekkel ut, og vil kaste den ut igjen, men Rosa insisterer på å få den med heim. Før ho legg seg, legg ho dokka i badekaret for å vaske den, og neste morgon ligg mora død på badet, og dokka er borte. 

Ein annan stad på sagaøya, vert to britiske turistar funne døde. Ingen veit kva dei gjer på Island, og det er heller ingen spor etter korleis dei har kome hit.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du tenker syns at Yrsa på halv maskin er langt over det beste andre kan klare. 

(2018)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 14/05/2021 tommar barn, island, politi, reykjavik, sigurdardottir

 

Arnaldur Indridason – FLUKTRUTEN

fluktrutenKrigskrim på sitt beste

Under andre verdenskrig ventar ei ung islandsk kvinne på forloveden i finske Petsamo (Originaltittel på boka), der dei saman skal ta båt heim til Island. Men forloveden dukkar aldri opp, og ho må reise åleine. 

Heime på Island har etterforskarane Flovent og Thorson nok å henge fingrane i. Liket av ein ung mann vert skylt i land på ei strand, ein annan ung mann vert grovt mishandla av amerikanske soldatar stasjonert på øya, og ei ung kvinne som har vore mykje saman med dei amerikanske soldatane, forsvinn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå andre verdenskrig, og ingen skriv dei som Arnaldur Indridason.

(2016)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – MØRKET VET

mørketvetNår isen smeltar…

Liket av ein mann vert funnen nedfrossen i ei isbre, og det viser seg at dette er ein forretningsmann som forsvann for 30 år sidan. 

Den pensjonerte politimannen Konrad hadde saka den gongen, og no vert han kalla inn for å gjenoppta saka. Den mistenkte frå den gong, vert nok ein gong hovedmistenkt.

Samtidig er det ei anna uløyst sak som dukkar opp, der ei kvinne vil finne ut kva som skjedde med broren hennar, som vart påkøyrd og drept, utan at politiet nokon gong fann gjerningsmannen. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest Arnaldur før, og veit han er en av verdas beste krimforfattarar, og er spent på ei ny serie frå den kanten.

(2017)

Les meir

 

Lilja Sigurdardottir – FANGET

Narkosmugling og bankkollaps på Island

Sonja har forlatt mannen sin, til fordel for Agla, ei kvinne som er kollega med eksmannen. Men i kjølvatnet av skilsmissa manglar ho pengar, og vert lurt inn i narkotikasmugling, noko det viser seg at ho er veldig god til. Men på flyplassen i Keflavik, er det ein erfaren tollar som er på sporet av henne.

Samtidig er Agla under mistanke for ha vore sentral i den store bankskandalen som knekte den islandske økonomien.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krimhistorier som tek opp samtidsaktuelle saker. 

(2012)

Les meir

 
 

Yrsa Sigurdardottir – GALGEN

Solid og traust frå Yrsa

Ein ung investor vert funnen hengt rett utanfor Reykjavik, rett før eit stort internasjonalt statsbesøk. Etterforskarane håper å kunne gjere seg fort ferdig, før besøket, men når dei finn ein spikar i brystet på den døde, vert det klart at dette ikkje dreier seg om eit sjølvmord.

I leiligheita til den døde finn dei eit barn, som ikkje er meldt sakna nokon stad.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar solide og gjennomarbeida krimhistorier.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/06/2020 tommar barn, island, politi, reykjavik, sigurdardottir