RSS

Kategoriarkiv: isle of lewis

Peter May – LEWISBRIKKENE

Lewistrilogien endar

Den tredje boka om Fin Macleod startar midt i ein storm, der Fin og barndomskameraten Whistler er ute i fjella på Lewis. Når stormen stilnar, har ein liten innsjø under dei forsvunne, og eit lite småfly har kome til syne der vatnet var.

Flyet viser seg å vere flyet til rockestjerna Roddy Mackenzie, som forsvann ute på havet 17 år tidlegare.

(2012)

Les meir

Reklame
 

Peter May – LEWISMANNEN

Den vanskelege oppfølgaren

Eit svært godt bevart lik vert funne i myrane på Isle of Lewis, og ting tyder på at det har ligge der ei stund. Fin Macleod har sagt opp politijobben i Edinburgh, og flytta heim, etter handlinga i Svarthuset. Han vil pusse opp ruinane av huset etter foreldra, men vert heller dregen inn i saka med torvliket. Det viser seg nemleg at liket kan ha ein forbindelse med faren til Marsaili, barndomskjærasten til Fin.

(2012)

Les meir

 

Peter May – SVARTHUSET

Årets beste bok kom heilt til slutt

Ein mann vert drept på Isle of Lewis i dei Ytre Hebridane, og drapet minner om eit drap som skjedde i Edinburgh berre kort tid tidlegare. Fin Macleod er etterforskar i Edinburgh, men fødd og oppvaksen på Lewis, og vert sendt «heim» for å hjelpe til i etterforskinga.

Samtidig som saka vert rulla opp, så vert historia til Fin rulla opp. Barndommen, oppveksten, kameratane, naboane, landskapet, etc.

Det er tydeligvis ikkje berre notida som skjuler gåter.

(2009)

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar sterk krim, som har ei idyllisk innpakning, og ei svært solid historie.

Les meir