Den andre boka i Costantini-trilogien
Denne gongen startar me i Tripoli, Libya, ein gong på slutten av 50-talet. Michele Balistreri veks opp saman med kompisane sine, italienaren Nico, og libyarane Ahmed og Karim. I nabohuset bor den amerikanske familia Hunt, med den flotte Hollywood-mora, og dottera Laura, som Michele har eit godt auge til.
Me følgjer utviklinga til gutane, som går frå ungar til ungdom, og frå leik til arbeid, og eigne forretningar, på begge sider av loven.
Eit drap og eit dødsfall splittar opp gjengen i Libya, og like etterpå kjem Gaddafi til makta, og italienarane flyttar heim.
Me hoppar til 1982, og politimannen Balistreri får eit drap i fanget, og tilfeldigheitene vil at ungdomsåra i Libya kjem friskt i minnet igjen.
(2012)
Les meir