RSS

Kategoriarkiv: james (peter)

Peter James – DØD MANNS FOTSPOR

Den perfekte svindel

Ein mislukka britisk businessmann er tilfeldigvis i New York under terrorangrepet 11.september 2001, der han skulle hatt eit møte i det sørlige tårnet i World Trade Center. Han overlever, men ser dette som ei muligheit til å viske ut den gamle Ronnie Wilson, og starte på nytt.

I Brighton vert Roy Grace kalla ut til funnet av ei død kvinne, som han fryktar kan vere kona hans, Sandy.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein solid sidesnuar som bygger spenning og nøstar trådar.

(2008)

Les meir

Reklame
 

Peter James – VAKKER I DØDEN

vakkeridødenTing du ikkje skulle sett

Tom Bryce er på veg heim frå jobb, då har merkar at ein av passasjerane har gått frå ein CD på toget. Han tek den med heim, for å finne eigaren, men ser noko på CDen som han ikkje skulle sjå, og derfrå går ting raskt i utforbakke, for ein mann som allereie slit litt med firmaet og privatlivet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein kjapp og spennande thriller.

(2006)

Les meir

 

Peter James – LEVENDE BEGRAVET

levendebegravetGuffent plott

Den fyrste boka om politimannen Roy Grace (har tidlegare lest Ikke død nok), og saka er av det gufne slaget. Michael Harrison er ein spøkefugl, som har drege ting svært langt i utdrikningslaga til kompisane. No er det hans tur, og kompisane legg han i ei kiste og grev han ned i skogen, mens dei sjølv drar på pubrunde. Men på veg til den fyrste puben, hamnar dei i ei bilulykke, der alle mister livet. Så no ligg Michael der, åleine i skogen, med ein walkie-talkie og ei flaske whiskey, og har inga aning om kva som skjer.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei litt ubehagelige krimhistorien.

(2005)

Les meir

 
 

Peter James – IKKE DØD NOK

ikkedodnokOmfattande og innhaldsrikt

Ei rik kvinne vert funnen drept i sin eigen heim i Brighton, og mannen hennar som bur i London i vekene, vert ganske kjapt hovudmistenkt.

Kort tid etter vert ei ny kvinne funnet drept, og også ho har tilknytning til den mistenkte, Brian Bishop. Problemet er berre at han ser ut til å ha vanntett alibi i begge tidsromma.

Saftig og solid krim, sjølv om den har sine svakheiter.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar lange, omfattande krimhistorier som held spenninga oppe.

(2007)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 05/09/2016 tommar brighton, england, james (peter), politi