RSS

Kategoriarkiv: journalist

Jussi Adler-Olsen – OFFER 2117

offer2117Kompleks og bekmørk

Ein spansk journalist tek turen til Kypros for å lage ei sak om båtflyktningar. Han tek bilde av ein død flyktning som er skylt i land, men seinare viser det seg at kvinna ikkje har drukna, men er drept. I København kjenner Assad igjen kvinna på bildet, og ein gamer som liker seg best innelåst på gutterommet, vert besatt av talet på omkomne på Kypros. 

Alt kokar saman til eit dystert kappløp mot tida, som tek oss gjennom store delar av Europa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Avdeling Q og er spent på Assad si historie.

(2019)

Les meir

Reklame
 

Michelle Frances – DATTEREN

datterenEi sak å døy for

Ein ung og lovande journalist døyr i ei sykkelulykke. Mora Kate, som fekk dottera Becky midt i tenåra, har ingen andre, og er no desperat etter å finne ut kva som skjedde. Ho finn ut kva dottera jobba med då ho døydde, ei sak som aldri vart publiserte, og som Becky aldri fortalte nokon om. No tek ho opp tråden, for å finne sanninga.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande krimthrillerar. 

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/10/2022 tommar england, frances, journalist

 

Lone Theils – HEKSEGUTTEN

hekseguttenBarnebortføring i London

Nora Sand har blitt kontakta av ein nigeriansk professor som jobber med å avsløre Boko Haram og bortføring av barn i Nigeria. Professoren vert borte for Nora på ein kirkegard i London, og dagen etter vert han funnen drept og mishandla på same stad. Samstundes er ei dansk realitystjerne og ein russisk oligark i bitre skilsmisseforhandlingar i London, og sonen deira vert kidnappa av ei kvinne i burka. Nora, som er Globalt sin London-korrespondent, dekker begge sakene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistkrim med fart og spenning. 

(2018)

Les meir

 

Arni Thorarinsson – DEN SJUENDE SØNNEN

densjuendesønnenUtkantkrim frå Island

Journalisten Einar er i Isafjördur, langt vest og avsidesliggande, sjølv til Island å vere. Han skal eigentleg skrive ei sak om den hanglande økonomien i utkantane, men så skjer ting fort. Eit verneverdig hus brenn ned, Einar og eigaren av huset vert nesten køyrt ned av stolen bobil under eit intervju, og to personar forsvinn, den eine av dei ei tidlegare fotballspelar som har hatt suksess i utlandet. Einar legg distrikstøkonomien til sides, for å nøste i hop trådane.

NB: Styr unna lydboka. Innlesaren gir kvar karakter eigne stemmer, noko som får det til å høyres ut som ei episode av Postmann Pat til tider.

Dette er den sjette boka om Einar «bladamann», som han heiter på islandsk wikipedia.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt askegrå teppet som ligg over islandsk bygdekrim.

(2008)

Les meir

 

Elina Backman – NÅR KONGEN DØR

nårkongendørStemningsfull finsk bygdekrim

Ei bok som fekk svært mykje omtale på årets krimfestival: Saana har fått sparken i eit sladreblad i Helsinki, og flyttar heim til tanta i Hartola, ei lita kommune nord for hovudstaden. Her fattar ho interesse for eit 30 år gammalt dødsfall, då ei ung jente vart funnen død i ein foss. Saka vart aldri løyst, men fleire av dei involverte bur framleis i bygda, så Saana bestemmer seg for å slå i hjel dødtida med å rote litt i den gamle saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det at den vart kåra til årets utanlandske krim i Sverige, pirrar nysgjerrigheita.

(2021)

Les meir

 

Val McDermid – RETTERSTEDET

retterstedetMcDermids aller beste? 

På 60-talet forsvinn ei ung jente i ei avsidesliggande bygd i Derbyshire. Politiet føler at dei vert motarbeida av vanskelege og tett samanknytte innbyggjarar. Saka går sin gong, og liket vert aldri funne. 30 år seinare er det ein journalist som vil dokumentere det som skjedde, og prøver å finne nye spor. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historisk krim som er omfattande og heng godt i hop.

(1999)

Les meir

 

Frits de Bourg – DØDENS ELV

dødenselvKompleks retrokrim

Det startar med eit smell, bokstavelig talt. Ein mann har sendt ut 15 invitasjonar til sitt eige sjølvmord, der han sprenger seg sjølv i lufta i ei tønne. Men kven er han, og kvifor er frilansjournalist Nicolay Wolff ein av dei inviterte? I søket etter svaret, vert Wolff jaga av ein MC-bande, og ender opp på ein psykiatrisk institusjon, der ting ikkje tåler dagens lys.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med ein presis tidskoloritt. 

(2015)

Les meir

 

Randi Fuglehaug – FALLESJUKE

fallesjukeFrisk nykomar

Fire venninner har som tradisjon å kaste seg ut i fallskjerm ikledd bunad, under Ekstremsportveko på Voss. Men i år er det ein av dei fire fallskjermane som ikkje løyser seg ut. Det viser seg at nokon har tukla med den, og dei tre venninnene er dei som har hatt nærast tilgong. Journalisten Agnes Tveit i lokalavisa er den som byrjar å nøste i kva dei fire venninnene har gjort dei siste åra. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande krim frå små stader.

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/06/2021 tommar fuglehaug, journalist, norge, voss

 

Atle Nielsen – ETT BLOD

ettblodFartsfylt Bergenskrim

Ein mann vert funnen drept i Bergen, saman med eit visittkort med «Congratulations to you too». Noko seinare vert eit anna drapsoffer funne i England, med samme visittkort. TV2-journalist Ole Bull er på jakt etter ei god sak, og finn løysingar der politiet kjem til kort. Ei heseblesende jakt fører oss frå Bergen, til hooliganmiljøet i London.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim over landegrensene, og kanskje er ekstra glad i Bergenskrim og fotball. 

(2020)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/05/2021 tommar bergen, england, journalist, london, nielsen

 

Anne Mette Hancock – LIKBLOMSTEN

likblomstenNykomar som er vanskelig å plassere

Heloise Kaldan er journalist, og har for tida litt trøbbel på jobb, etter at ein av kildene hennar har blitt avslørt i løgn. Men Heloise får fort tankane på andre ting, når ho får brev frå Anna Kiel, ei kvinne som har forsvunne, og er ettersøkt for drap. 

Så skjer det eit nytt drap, og mykje peiker mot nettopp Anna Kiel. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for journalistkrim. 

(2017)

Les meir