RSS

Kategoriarkiv: justismord

Sven Petter Næss – SKYLDIG

skyldigUskuldig dømt? 

Ei kvinne som kjem frå same stad som etterforskar Harinder Singh, slepp ut av fengsel etter å ha sona 18 for drapa på mora og stefaren. Ho hevdar ho er uskuldig, og Singh blir overtalt til å sjå på saka. Ei jakt som nok ein gong fører han tilbake til Elvestad, småbyen han ikkje kunne flytte kjapt nok frå, i si tid.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei to fyrste og lurer på om alle gode ting er tre.

(2021)

Les meir

Reklame
 
 

Ragnar Jonasson – ØYA

øyaDrap i islandsk idyll

I 1987 vert ei ung kvinne funnen drept på hytta. Saka smadrar ei heil familie. Ti år fram i tid samlar dei fire næraste vennane til den drepte seg på den idylliske øya Ellidaey (google den, du har heilt sikkert sett bilda). Men ein av dei fire overlever ikkje turen, og politiet meiner det er drap.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mørket og mystikken i islandsk krim.

(2016)

Les meir

 
 

Gard Sveen – HELVETE ÅPENT

Ein seriemordar for Tommy Bergmann

Andre bok om Tommy Bergmann, som i 1988 var ein fersk politimann, og kom over offeret til det som seinare viste seg å vere ein seriemordar. No, 16 år seinare, dukkar eit nytt drapsoffer opp i ei leiligheit, og det er ting som minner om det som skjedde den gongen.

Men drapsmannen Anders Rask har vore innesperra sidan den gong. Og medan politiet lurer på om dei har ein copycat å handskas med, står mora til ei av jentene som vart drept på 80-talet fram og seier ho trur politiet tok feil mann den gongen. Og at ho veit kven som er den skuldige.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar seriemordhistorier, og det som kan vise seg å vere cold case-liknande saker.

(2015)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 09/03/2020 tommar justismord, norge, politi, seriemordar, sveen