Den andre boka til desse to, om Nina Borg, etter Gutten i kofferten.
Av ein eller annan grunn byrja eg på denne i vår ein gong, men la den frå meg etter eit par kapittel. Det dukka vel opp ei meir interessant ei…
Men boka er ok den. To unge rom-gutar i Ungarn finn noko verdifullt på eit nedlagt russisk sjukehus. I Danmark vert ei gruppe romfolk alvorleg sjuke, og Nina Borg må ta seg av dei.
(2010)