Kaaberbøl skriv åleine denne gongen, etter to krimbøker (på norsk) saman med Agnete Friis.
Handlinga går føre seg i Frankrike, der ei ung jente vert funna død, og ein oppdagar små midd som kryp ut av nasa på henne. Seinare døyr også presten som ga henne den siste olja, og måten han vert funnen på, tyder på at han er drepen.
Og saka skal løysast av doktoren som tek seg av dei døde i byen, og dottera hans.
Stemningsfull krim, fyllt av nonner, ulvar og drap, i eit tidsbilde som virkar realistisk og ekte.
(2010)