RSS

Kategoriarkiv: kent

William Shaw – SALT LANE

Manglar høgdepunkt

Ein mann vert funnen død i ein møkkatank på ein gard. Bonden er sikker på at lokket på tanken har vore forsvarlig på, så det vil seie at ei ulukke er utelukka.

Parallelt med dette dukkar ei kvinne opp på døra til eit sambuarpar i London, og seier ho er mor til mannen i huset. Mannen vil gjerne tru det, medan sambuaren meiner dette er snakk om ein svindlar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den forrige, men skulle ønske han gamlingen tok litt mindre plass, så Alexandra Cupidi fekk skinne litt meir. 

(2018)

Les meir

Reklame
 
 

William Shaw – FUGLEKIKKEREN

Ei bok som lover litt mykje

Alexandra Cupidi er kriminaletterforskar i London, men vert omplassert på Kent-kysten, etter eit forhold til ein overordna kollega. Der skal ho jobbe saman med den lokale betjenten William South.

Sjølv om South har holdt seg unna drapssaker, vert den fyrste saka til Cupidi eit drap. Offeret, ein fuglekikkar-venn av South, vert funne mishandla i ei trekiste i sin eigen heim.

Medan dei etterforskar saka, utviklar det seg eit vennskap mellom fuglekikkaren South, og den rebelske tenåringsdottera til Cupidi, Zoe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du sluker alt av britisk bygdekrim, og likar krimheltar som har rota til liva sine såpass, at dei må flytte og starte på nytt.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/07/2019 tommar england, kent, politi, shaw